nyhende

Lagar blå kunstverk med hjelp av sola

I huset ved Kvalvågvegen på Lid har grafikar Irene Flatnes Haldin (39) sitt eige naturtrykkeri. Her brukar ho naturen og sollyset til å lage vakre, blå kunstverk med hjelp av ein gammal fototeknikk som kallast soltrykk.

Publisert Sist oppdatert

Kan hende du har sett bileta hennar før? Hausten og vinteren 2024 hadde Irene utstilling på Sveio folkebibliotek med eit lite utval av dei roande, blå verka sine mellom bøkene i krimavdelinga. Før jul hadde ho i tillegg ei bod på julemarknaden på Lid skule, der ho fekk vist fram og seld mange av soltrykka sine.

Fargen er blå, men motiva i bileta er mange og varierte.

Sjå video av prosessen lenger ned i saka.

Blomar og broderi

– Eg likar å bruke blomar og gjenstandar frå naturen. Pressa blomar er enkle å jobbe med, sidan dei er flate og fine og kan brukast fleire gonger, seier Irene.

Ho finn det også spennande å eksperimentera og prøva seg fram med andre metodar og gjenstandar. Ein kan til dømes kopiere fotografi eller andre motiv over på transparente ark for å lage fotografiske trykk i blå nyansar. Eit anna motiv som går igjen, og som ho har utvikla på eiga hand, er å bruke gamle mønster frå broderte dukar, løparar og liknande.

– Eit av dei bileta eg liker best, er eit trykk der eg kopierte forkleborda til bunaden min. Då kan eg ha framme det fine mønsteret heile tida, og ikkje berre når eg bruker bunaden.

Med nydeleg utsikt i naturskjønne omjevnader dyrkar Irene Flatnes Haldin kunsten sin. Langs veggen til høgre ser du fleire soltrykk under produksjon i dagslyset.

Sjølverklært papirnerd

Irene er frå Sveio og har budd her heile livet. Ho er utdanna grafikar med fagbrev i mediegrafikarfaget frå Stord. Ho hadde læretid som grafikar hos Haugesunds Avis, og jobba deretter nokre år i reklamebransjen. Dette med papir, trykk og bilete er noko ho brenn for.

– Eg har alltid vore glad fine stukturar. Det å kunne kvile augo på noko fint gir meg både ro og inspirasjon. Eg er også ein sjølverklært papirnerd, men det er nok noko som følgjer jobben, seier ho og ler.

I 2011 fekk ho tilbod om eit lite vikariat i redaksjonen i Vestavind. Ho tenkte det kunne vere greit med eit lite avbrekk frå grafikarfaget, og takka ja til tilbodet. Det vesle «avbrekket» vart til eit større engasjement, og brått hadde ho jobba i avisa i ti år. I 2021 vart saknet etter å arbeide med trykk og grafikk for stort, og ho nytta redaktørjobben med trykkeriet H.B.O. Grafisk i Haugesund, der ho jobbar i dag.

I 2022 hadde ho i oppdrag å lage ein katalog for kunstmuseet Haugesund Billedgalleri, i samband med ei kunstutstilling. Ei av kunstnarane i denne katalogen stilte ut ei rekke bilete i vakre, blå nyansar. Irene fortel at ho alltid har vore glad i blått, så ho vart nysgjerrig på desse kunstverka. I teksten til katalogen kunne ho lese at kunstnaren hadde laga bileta med hjelp av ein gammal trykkmetode kalla «cyanotopi».

– Cyanotopi? Kva i alle dagar er det? Dette må eg utforske nærare, bestemte ho seg for.

Jernsalt og UV-stråler

Cyanotopi, også kjend som soltrykk, er ein gammal fotografisk teknikk for å lage grafiske trykk i blå nyansar ved hjelp av sollys. Blåfargen kjem frå jernet i kjemikalia på papiret, som består av ei blanding av to ulike jernsalt. Soltrykk har røter tilbake til 1800-talet, og vart oppfunne av sir John Frederick William Herschel i 1842, som ein effektiv måte å lage kopiar av tekniske teikningar. Det er herifrå me har omgrepet «blåkopi» (engelsk: blueprint), etter dei blå nyansane i desse teikningane.

Det skulle ikkje gå lang tid før Irene var hekta på soltrykk.

– Eg har hatt mange ulike interesser opp gjennom, som teikning, strikking, hekling, akvarell og foto. Men soltrykk har blitt den store hobbyen; den som har fått bli verande.

Sjølve trykkprosessen går ut på at dei ultrafiolette strålane frå sollyset aktiverer jernsalta på papiret, som igjen fargar papiret blått. Jo meir UV-stråling, jo mørkare blåfarge. Dei delane av papiret som er tildekte får ikkje sol på seg, og blir difor ikkje farga blått. Styrken på sollyset blir målt etter den såkalla «UV-indeksen» som går frå 0 til over 11. Her i Noreg er den sjeldan over 6-7 på dei varmaste sommardagane.

– Viss UV-strålinga er over 3 på indeksen, då byrjar det å komme seg. I sommarhalvåret brukar eg vanlegvis ei eksponeringstid på 7-8 minutt. Dette gir gode, klåre bilete med rom for fine fargenyansar. Men eg har òg prøvd meg fram med andre lystilhøve. No i vinter, i anledning solsnudagen, hadde eg fleire trykkplater ute i dagslyset. Eitt av desse stod i indirekte sollys i fleire timar, og gav eit heilt anna resultat, forklarar ho.

Soltrykk klare til å bli sette ut i sollyset. Motiva som ligg oppå papiret skuggar for solstrålane, og gjer at ein sit att med eit negativ på papiret når soltrykket er ferdig.

Ein prosess med mange steg

Når Irene skal lage nye soltrykk, krev det litt førebuing. Først må ho finne eit passande papir som ho vil bruke som arbeidsflate. Her kan det vere store skilnader i både kvalitet, struktur, farge og andre særeigne papirkvalitetar.

– Eg likar å eksperimentere med ulike papirtypar, og er spesielt glad i papir som har synlege restar av naturelement i seg, som til dømes algar, strå, stilkar eller bladrestar. Dette gir bileta eit eige særpreg. Eg er heldig som jobbar i eit trykkeri med eit stor utval av papir, og eg finn ofte små skattar blant restepapir i papiravfallet der.

Kjemikalia blandar Irene sjølv. Den ferdige blandinga er ei tyntflytande, grøn væske som ho penslar på arket i jamne lag. Dette må gjerast i eit mørkt rom, men så lenge papiret ikkje blir utsett for dagslys treng ein ikkje ha det heilt mørkt. Til slutt må papiret tørke i nokre timar. Ein kan bruke andre flatar enn papir, så lenge overflata tek til seg jernsaltløysinga.

– Sidan det snart er påske, tenkte eg at me kunne prøve å lage soltrykk på egg. Det har eg aldri gjort før, så var spent på korleis det blei.

Papiret festar ho til ei treplate, deretter legg ho motivet oppå arket og dekkjer det heile med ei glasplate. Glasplata blir festa til treplata med klemmer, sånn at motivet held seg på plass. Heile pakka blir plassert ute i sollyset, som set i gang eksponeringa; grønfargen i papiret går gradvis over i ein gråare farge.

Etter 7-8 minutt er biletet ferdig eksponert. Då er det viktig å ta ut papiret og skylle det i rennande vatn. Vatnet stoppar eksponeringa, og etter kvart som dei grå-grøne restane av kjemikalia blir skylt bort kjem dei magiske blåfargane til syne. Då står det berre att å henge papiret til tørk, og vips, så har du eit fiks ferdig soltrykk!

Idet ein skyller soltrykket i vatn, avsluttar ein den kjemiske reaksjonen som gjer papiret blått. På trykket til høgre i biletet ser me framleis restar av dei grøne kjemikalia.

Soltrykk som hobby

Er du på jakt etter ein ny hobby? Ifølge Irene er dette noko som mange kan finne glede i.

– Sjølv opplever eg mykje av både undring og meistring av å følgje prosessen frå papir til ferdig bilete. Soltrykk er heller ikkje ein dyr hobby, og du kan gjere alt heime utan behov for mykje utstyr. Kjemikalia er ufarlege og er ikkje er skadelege for naturen, så det gjer det jo litt ekstra fint.

På sida Soltrykkeriet på Facebook og på Irene si eiga nettside – soltrykk.no – kan du finne både inspirasjon og kunnskap om soltrykk, og ikkje minst fleire av dei vakre, blå bileta hennar. Du finn også nokre av bildene hennar i bildegalleriet til saka.

Over kjøkkenvasken hos familien Flatnes Haldin er det ikkje uvanleg å finne soltrykk hengjande til tørk.

Powered by Labrador CMS