nyhende

Laga teltleir på Vikse

4H Spretten samla klubbane i Sunnhordland til ei morosam helg med riding, fiske, disko og paintball. — Dei fleste var både slitne og nøgde etter leiren, seier klubbrådgjevar Anne Ness Emberland.

Publisert Sist oppdatert

Over helga vart 65 barn og ungdomar samla på Vikse skule i regi av den lokale 4H klubben Spretten.

Der fekk deltakarane hendene fulle med morosame aktivitetar, enten om dei hadde fiskestong eller paintballgevær i handa.

— Me var veldig spente for me har ikkje arrangert leir før. Det var noko nytt, så me var spente på om me hadde hugsa alt, seier Anne Ness Emberland.

Ho er ein av fire klubbrådgjevarar i Spretten 4H. Saman med fleire andre vaksne og ungdomar sørga Emberland for ei artig helg.

Mange aktivitetar

— På laurdagen fekk dei velja kva dei ville gjera, og paintball som ligg på Vikse er jo ein populær aktivitet, seier ho.

Men for dei som ikkje likar målingkuler i høg fart var det mykje anna å gjera. Sjøfiske, padling, riding, fotball, matlaging, gardsbesøk og til og med bading.

— Var det kaldt i vatnet?

— Det trur eg det var, er ganske sikker på det, humrar ho og fortset:

— Dei var tøffe. Og dei var ganske våte og kalde då dei kom tilbake. Men var nøgde då dei fekk ein varm dusj, seier Emberland.

Distriktsleiren er noko dei held for aldersgruppa frå 8 til 13 år i området Sunnhordland.

— Me hadde Lid og Sisu 4H frå Sveio, to klubbar frå Fitjar og ein frå Kvinnherad, seier ho.

Gardsbesøk

Deltakarane slo opp telt fredag ettermiddag og budde der fram til søndag. Emberland fortel at dei hadde ei kjekk helg og er takksam for ungdomane i 4H som hjelpte til med å halda styr. Og ikkje minst foreldra.

— Det hadde ikkje vore mogeleg utan dei, at dei planla, satte av helga og stilte opp, seier ho.

Eit lokalt ektepar stilte opp med garden sin slik at 4H fekk koma på gardsbesøk.

— Då fekk dei mata dyra og sitja på med traktor mellom anna, seier Emberland.

Og på den korte vegen tilbake til leiren fekk dei skyss av bonden.

— Då kom han tilbake med ein inni traktoren og resten av dei bak i fôringkassa, humrar ho.

Nye venskap

Helga hadde ein samlande effekt på barna. Klubbane blanda seg med kvarandre under aktivitetane, og barna fekk bli kjende med nye vener.

— Nokre av barna enda opp med å sove i kvarandre sine telt, seier ho.

Kvar klubb som reiser har med eigne vaksne som barna kjenner frå før, for deira tryggleik. Alt i alt var det ei flott helg med mykje sol.

— Det vart litt diskotek inne på kvelden, men sidan det var så fint vër så var mesteparten av aktiviteten utandørs, seier Emberland.

Powered by Labrador CMS