nyhende

INNANRIKS 10AUG2022ON17:04 Regjeringa: Historisk låg straumproduksjon i sør – viser at tiltaka verkarID: 17973132Legg til punkt om energisparing og nytt sitat frå Aasland. Teksten er noko omarbeidd.NPK-NTB-Bibiana Piene og Steinar SchjetneKraftprodusentane har teke signala og spart på vatnet. No må folk byrje å spare på straumen, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).Nye tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) viser at kraftsituasjonen i Noreg er i ferd med å friskne til. Fyllingsgrada i vassmagasina går opp, medan straumeksporten går ned.Aasland tek det til inntekt for at den utvitydige beskjeden frå regjeringa til kraftprodusentane om å spare på vatnet for å avhjelpe den dramatiske straumsituasjonen har verka.– Tiltaka har verka, slo Aasland fast på eit møte med pressa onsdag ettermiddag.Historisk lågtNVE-tala viser at i dei to hardast ramma regionane – Austlandet og Sørvest-Noreg – fall kraftproduksjonen til eit historisk lågt nivå den siste veka.Produksjonen har ikkje vore lågare dei siste sju åra, som er den perioden Aasland meiner er den einaste relevante å samanlikne med.Også straumeksporten fall, og for andre veke på rad har Austlandet og Sørvestlandet vore nettoimportør av kraft, viser dei siste NVE-rapportane.Samtidig har fyllingsgrada auka med 1,1 prosentpoeng i magasina i Søraust- og Sørvest-Noreg og 3 prosentpoeng i Vest-Noreg. Men framleis er nivåa blant dei lågaste som er målt dei siste 27-åra.– Situasjonen i dag er betre enn ved inngangen til sommaren, seier statsråden og viser til at ifølgje NVE er risikoen for rasjonering til våren lågare enn han var i mai.– Det er eit positivt utviklingstrekk som viser at kraftprodusentane held igjen på vatnet. Det viser at politikk, sjølv om ein berre kommuniserer han, verkar, seier Aasland.Tyske prisarSamtidig har straumprisen i sør lagt seg tett opp til tyske prisar, som er svært høge. Det kjem av gasskrisa som følgje av Russlands invasjon i Ukraina.Det er krevjande, medgir Aasland.Han ventar at lågare kraftproduksjon i sør vil føre til at straumprisane aukar endå meir i tida framover.– Prisbiletet heng igjen veldig saman med korleis gassprisane utviklar seg, seier Aasland.Torsdag blir det høgast straumprisar i Sørvest-Noreg med ein toppris på 4,096 kroner per kilowattime (kWh), ifølgje tal frå straumbørsen Nord Pool.I Søraust- og Vest-Noreg blir prisen 2,63 kroner per kWh på sitt høgaste, i Midt-Noreg blir prisen 0,022 kroner, og i Nord-Noreg er straumen nesten gratis med 0,0076 kroner per kWh.Varslar ny enøk-pakkeTrass dei høge prisane har straumforbruket halde fram med å auke, viser NVE-tala. Frå veke 30 til 31 auka forbruket med 3 prosent på landsbasis. Austlandet har den største auken med 8 prosent.Aasland varslar no at det vil komme ein ny enøk-pakke når statsbudsjettet blir lagt fram i oktober.– Eg håpar han skal få opp forståinga for moglegheitene til å gjere enøk-tiltak i hus og heim og i næringslivet. Det er viktig at vi bruker straumen mest mogleg effektivt, seier han til NTB.– Men det er mange som ikkje har kapasitet eller råd til å etterisolere, byte vindauge eller setje inn varmepumpe. Vi må også sjå på korleis vi kan hjelpe til i slike situasjonar, legg han til.Forventar høge prisarNVE håpar på mykje nedbør utover hausten.– Men vi kan også få mindre nedbør enn normalt, ein kald vinter og ein framleis uroleg situasjon i Europa. Dette gjer at situasjonen sør i Noreg framleis kan bli krevjande, skriv NVE i rapporten.– Så lenge prisane på gass og andre brensel held fram med å vere høge, kan vi forvente at dei norske straumprisane vil liggje på eit høgt nivå også framover i tid, heiter det.(©NPK)vaktsjef@ntb.noBilete: A-E7tTROCe4Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) har sendt ein utvitydig beskjed til kraftprodusentane om å spare på vatnet. Det har gitt effekt, seier han. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPKBilete: RbMWkE0eJNwKraftproduksjonen i Sørvest-Noreg var historisk låg i førre veke. Foto: Halvard Alvik / NTB / NPK
INNANRIKS 10AUG2022ON17:04 Regjeringa: Historisk låg straumproduksjon i sør – viser at tiltaka verkarID: 17973132Legg til punkt om energisparing og nytt sitat frå Aasland. Teksten er noko omarbeidd.NPK-NTB-Bibiana Piene og Steinar SchjetneKraftprodusentane har teke signala og spart på vatnet. No må folk byrje å spare på straumen, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).Nye tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) viser at kraftsituasjonen i Noreg er i ferd med å friskne til. Fyllingsgrada i vassmagasina går opp, medan straumeksporten går ned.Aasland tek det til inntekt for at den utvitydige beskjeden frå regjeringa til kraftprodusentane om å spare på vatnet for å avhjelpe den dramatiske straumsituasjonen har verka.– Tiltaka har verka, slo Aasland fast på eit møte med pressa onsdag ettermiddag.Historisk lågtNVE-tala viser at i dei to hardast ramma regionane – Austlandet og Sørvest-Noreg – fall kraftproduksjonen til eit historisk lågt nivå den siste veka.Produksjonen har ikkje vore lågare dei siste sju åra, som er den perioden Aasland meiner er den einaste relevante å samanlikne med.Også straumeksporten fall, og for andre veke på rad har Austlandet og Sørvestlandet vore nettoimportør av kraft, viser dei siste NVE-rapportane.Samtidig har fyllingsgrada auka med 1,1 prosentpoeng i magasina i Søraust- og Sørvest-Noreg og 3 prosentpoeng i Vest-Noreg. Men framleis er nivåa blant dei lågaste som er målt dei siste 27-åra.– Situasjonen i dag er betre enn ved inngangen til sommaren, seier statsråden og viser til at ifølgje NVE er risikoen for rasjonering til våren lågare enn han var i mai.– Det er eit positivt utviklingstrekk som viser at kraftprodusentane held igjen på vatnet. Det viser at politikk, sjølv om ein berre kommuniserer han, verkar, seier Aasland.Tyske prisarSamtidig har straumprisen i sør lagt seg tett opp til tyske prisar, som er svært høge. Det kjem av gasskrisa som følgje av Russlands invasjon i Ukraina.Det er krevjande, medgir Aasland.Han ventar at lågare kraftproduksjon i sør vil føre til at straumprisane aukar endå meir i tida framover.– Prisbiletet heng igjen veldig saman med korleis gassprisane utviklar seg, seier Aasland.Torsdag blir det høgast straumprisar i Sørvest-Noreg med ein toppris på 4,096 kroner per kilowattime (kWh), ifølgje tal frå straumbørsen Nord Pool.I Søraust- og Vest-Noreg blir prisen 2,63 kroner per kWh på sitt høgaste, i Midt-Noreg blir prisen 0,022 kroner, og i Nord-Noreg er straumen nesten gratis med 0,0076 kroner per kWh.Varslar ny enøk-pakkeTrass dei høge prisane har straumforbruket halde fram med å auke, viser NVE-tala. Frå veke 30 til 31 auka forbruket med 3 prosent på landsbasis. Austlandet har den største auken med 8 prosent.Aasland varslar no at det vil komme ein ny enøk-pakke når statsbudsjettet blir lagt fram i oktober.– Eg håpar han skal få opp forståinga for moglegheitene til å gjere enøk-tiltak i hus og heim og i næringslivet. Det er viktig at vi bruker straumen mest mogleg effektivt, seier han til NTB.– Men det er mange som ikkje har kapasitet eller råd til å etterisolere, byte vindauge eller setje inn varmepumpe. Vi må også sjå på korleis vi kan hjelpe til i slike situasjonar, legg han til.Forventar høge prisarNVE håpar på mykje nedbør utover hausten.– Men vi kan også få mindre nedbør enn normalt, ein kald vinter og ein framleis uroleg situasjon i Europa. Dette gjer at situasjonen sør i Noreg framleis kan bli krevjande, skriv NVE i rapporten.– Så lenge prisane på gass og andre brensel held fram med å vere høge, kan vi forvente at dei norske straumprisane vil liggje på eit høgt nivå også framover i tid, heiter det.(©NPK)vaktsjef@ntb.noBilete: A-E7tTROCe4Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) har sendt ein utvitydig beskjed til kraftprodusentane om å spare på vatnet. Det har gitt effekt, seier han.

Låg straumproduksjon : — Viser at tiltaka verka

Kraftprodusentane har teke signala og spart på vatnet. No må folk byrje å spare på straumen, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Publisert Sist oppdatert
Nye tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) viser at kraftsituasjonen i Noreg er i ferd med å friskne til. Fyllingsgrada i vassmagasina går opp, medan straumeksporten går ned.

Aasland tek det til inntekt for at den utvitydige beskjeden frå regjeringa til kraftprodusentane om å spare på vatnet for å avhjelpe den dramatiske straumsituasjonen har verka.

– Tiltaka har verka, slo Aasland fast på eit møte med pressa onsdag ettermiddag.

Historisk lågt

NVE-tala viser at i dei to hardast ramma regionane – Austlandet og Sørvest-Noreg – fall kraftproduksjonen til eit historisk lågt nivå den siste veka.

Produksjonen har ikkje vore lågare dei siste sju åra, som er den perioden Aasland meiner er den einaste relevante å samanlikne med.

Også straumeksporten fall, og for andre veke på rad har Austlandet og Sørvestlandet vore nettoimportør av kraft, viser dei siste NVE-rapportane.

Samtidig har fyllingsgrada auka med 1,1 prosentpoeng i magasina i Søraust- og Sørvest-Noreg og 3 prosentpoeng i Vest-Noreg. Men framleis er nivåa blant dei lågaste som er målt dei siste 27-åra.

– Situasjonen i dag er betre enn ved inngangen til sommaren, seier statsråden og viser til at ifølgje NVE er risikoen for rasjonering til våren lågare enn han var i mai.

– Det er eit positivt utviklingstrekk som viser at kraftprodusentane held igjen på vatnet. Det viser at politikk, sjølv om ein berre kommuniserer han, verkar, seier Aasland.

Tyske prisar

Samtidig har straumprisen i sør lagt seg tett opp til tyske prisar, som er svært høge. Det kjem av gasskrisa som følgje av Russlands invasjon i Ukraina.

Det er krevjande, medgir Aasland.

Han ventar at lågare kraftproduksjon i sør vil føre til at straumprisane aukar endå meir i tida framover.

– Prisbiletet heng igjen veldig saman med korleis gassprisane utviklar seg, seier Aasland.

Torsdag blir det høgast straumprisar i Sørvest-Noreg med ein toppris på 4,096 kroner per kilowattime (kWh), ifølgje tal frå straumbørsen Nord Pool.

I Søraust- og Vest-Noreg blir prisen 2,63 kroner per kWh på sitt høgaste, i Midt-Noreg blir prisen 0,022 kroner, og i Nord-Noreg er straumen nesten gratis med 0,0076 kroner per kWh.

Varslar ny enøk-pakke

Trass dei høge prisane har straumforbruket halde fram med å auke, viser NVE-tala. Frå veke 30 til 31 auka forbruket med 3 prosent på landsbasis. Austlandet har den største auken med 8 prosent.

Aasland varslar no at det vil komme ein ny enøk-pakke når statsbudsjettet blir lagt fram i oktober.

– Eg håpar han skal få opp forståinga for moglegheitene til å gjere enøk-tiltak i hus og heim og i næringslivet. Det er viktig at vi bruker straumen mest mogleg effektivt, seier han til NTB.

– Men det er mange som ikkje har kapasitet eller råd til å etterisolere, byte vindauge eller setje inn varmepumpe. Vi må også sjå på korleis vi kan hjelpe til i slike situasjonar, legg han til.

Forventar høge prisar

NVE håpar på mykje nedbør utover hausten.

— Men vi kan også få mindre nedbør enn normalt, ein kald vinter og ein framleis uroleg situasjon i Europa. Dette gjer at situasjonen sør i Noreg framleis kan bli krevjande, skriv NVE i rapporten.

Så lenge prisane på gass og andre brensel held fram med å vere høge, kan vi forvente at dei norske straumprisane vil liggje på eit høgt nivå også framover i tid, heiter det.

(©NPK)

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) har sendt ein utvitydig beskjed til kraftprodusentane om å spare på vatnet. Det har gitt effekt, seier han.
Powered by Labrador CMS