nyhende

Mange vil nok tenkje at denne graskarlykta er mindre skremmande enn all maten som går i søpla i samband med halloween.
Mange vil nok tenkje at denne graskarlykta er mindre skremmande enn all maten som går i søpla i samband med halloween.

Lag noko godt av innmaten i halloween-graskaret

Halloween-feiringa kan vere skremmande for den som mislikar matsvinn. Seks av ti kastar nemleg innmaten i graskaret når dei lagar halloween-pynt.

Publisert Sist oppdatert

Det blir årleg produsert nærmare 1900 tonn graskar for sal i Noreg, ifølgje tal frå Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG). Likevel er det lite av dette som hamnar på tallerkenane til Ola og Kari Nordmann. Ifølgje OFG kastar så mange som seks av ti innmaten i graskara når dei holar dei ut for å lage lykter eller annan pynt til halloween.

– Eg trur folk flest ikkje veit kva dei skal gjere med fruktkjøtet – for det er jo veldig mykje godt ein kan lage av det, som å bake det i omnen saman med ulike grønsaker eller lage halloumi til middagen, eller bruke most graskar i muffins, pannekaker og vaflar. Eg trur folk først og fremst berre treng nokre gode tips til å bruke opp graskaret, opplyser seniorrådgivar Ingrid Kleiva Møller i Framtiden i våre hender til Nynorsk pressekontor.

Sør-amerikanar

Graskar er påvist dyrka 2000 år før vår tid i Sør-Amerika, ifølgje Store norske leksikon (SNL). Etter alt å dømme er det òg der graskaret har opphavet sitt.

Kjempegraskaret vi kjenner best frå halloween-feiringa har ei lang rekke slektningar.

I 1542 er graskardyrking for første gong omtalt i Europa. I Noreg har derimot graskaret spelt ei svært lita rolle historisk sett, men etter at feiringa av halloween gjorde sitt inntog her i landet for om lag 20 år sidan endra det seg.

Ifølgje magasinet Aperitif selde butikkane til Coop samla sett knappe 900 graskar i år 2000. Fem år seinare hadde interessa eksplodert, og det blei selt nesten 125 tonn graskar i Coop-butikkane. Det svarer til om lag 25.000 graskar, der 10.000 av dei var norskproduserte. Sidan då har både forbruket og norsk produksjon halde fram med å auke, og i dag er vi så å seie sjølvforsynte med graskar.

Uvisse

Det finst rundt 700 forskjellige sortar graskar i verda i dag. Den aller mest vanlege – som vi òg kjenner godt til frå halloween-feiringa, er kjempegraskaret. Dette er i utgangspunktet ikkje eit graskar for matlaging, men eit pyntegraskar som det difor ikkje er all verda av mat ein kan hente ut av.

– Dei er dyrka nettopp som halloween-graskar, og dei har nesten ikkje innmat, difor er det ikkje så mykje å ete, fortel Kleiva Møller.

Håpar på utvida tradisjon

Kvar oktober-månad i fleire år har OFG sendt ut pressemeldingar om matsvinn knytt til graskar. I 2019 gjennomførte dei ei undersøking saman med Norstat som viste at fire av ti nordmenn kasta innmaten i graskaret då det var ferdig uthola.

Ei tilsvarande undersøking blei gjennomført i 2021 og då viste tala at så mange som seks av ti ikkje brukte fruktkjøtet i graskaret etter å ha laga lykter.

Seks av ti kastar innmaten når dei har laga graskar-lykter til halloween.

Undersøkinga blei igjen gjennomført i fjor og då var det framleis seks av ti som kasta fruktkjøtet.

– Altfor mange kastar den gode maten frå graskaret rett i søpla. Mange er kanskje ikkje klar over at halloween-graskar faktisk kan etast, eller så veit dei ikkje korleis restane kan brukast, seier ernæringsrådgivar Iselin Sagen OFG i ei pressemelding.

Meir enn berre pynting

Ingrid Kleiva Møller i Framtiden i våre hender ønskjer at nordmenn utvidar halloween-tradisjonen til å dreie seg om meir enn berre pynting.

– Vi er opptekne av at matjorda vår skal brukast til å dyrke mat – og at denne maten blir eten, ikkje kasta. Halloween har nok kommen for å bli, så difor håpar vi at mange kan bruke feiringa i år til å starte ein ny tradisjon, nemleg å bruke opp graskarinnmaten til å lage noko godt.

Skumle graskarlappar gir deg ein god grunn til å bruke innmaten i graskaret samstundes som dei bidreg til den skumle stemninga.

Skumle graskarlappar

Bak innmaten i omnen på 175 grader til det er mørt. Mos med ein stavmiksar. Då har du eit godt utgangspunkt (med mos) som du kan bruke til lappar, supper eller mos. Dette er søte lappar.

Tid: 20-40 min.

Porsjonar: 4

Ingrediensar:

  • 3 desiliter mos av graskar
  • 2 desiliter lettmjølk
  • 2 ts bakepulver
  • 1 matskeier malt kanel
  • 3 matskeier sukker
  • 2 egg
  • 3 matskeier olje til steiking
  • 1 matskeier kakaopulver til «teiknedeig»

Framgangsmåte: Pisk egga i ein bolle. Bland i resten av ingrediensane. La røra stå å svelle litt. Ta av 1 desiliter av røra og bland med 1 matskeier kakaopulver. Dette skal brukast til å teikne skumle fjes.

Varm ei steikjepanne. Ha i røre til lappar i ønskt storleik. Medan dei blir steikte på den eine sida, og før du snur dei, teiknar du skumle fjes. Snu forsiktig og steik vidare.

Server med den skumle sida opp.

Graskarvaflar gir kosen ein plass i halloween-feiringa.

Graskarvaflar

Nysteikte vaflar er alltid godt, og her har vi laga vaflane med samalt kveitemjøl og rive, saftig graskar. Kjempegodt med ost eller syltetøy på.

Tid: Under 20 min.

Ingrediensar:

  • 2,5 desiliter rive graskar
  • 2,5 desiliter sammale kveite, fin
  • 2,5 desiliter kveitemjøl
  • 1 ts malt kanel
  • 1 ts malt muskat
  • 4 egg
  • 2 ts bakepulver
  • 3 matskeier brunt sukker
  • 5 desiliter lettmjølk

Framgangsmåte:

Skrell og reins graskar og riv graskarkjøtet på eit rivjern. Bland alle ingrediensane i ein bolle og pisk til røra er jamn og fin. La røra stå og svelle 15–20 minutt. Røra skal vere ganske tjukk.

Steik vaflane i smurt vaffeljarn, og legg på rist til avkjøling. Graskarvaflane smakar ekstra godt nysteikte med geitost eller syltetøy på. Cottage cheese og friske bær er også godt til.

Kjelde: OFG

Powered by Labrador CMS