nyhende
Lærte latviarar om næring
Sveio kommune tok i mot ein delegasjon frå Latvia og viste korleis dei jobbar for å tiltrekka seg verksemder. – Me er kanskje meir open enn dei, seier Bente Marie Johansen, einingsleiar for samfunnsutvikling.
Torsdag var det ein god gjeng på besøk hjå kommunehuset som hadde komen langvegsfrå.
«Hello, my name is André and I was elected mayor three weeks ago», seier ordførar André Mundal Haukås (H).
Forutan å forklara latviarane kor fersk han var, så fekk ordføraren visa dei kva kommunen legg i utrykket «næringspositiv». Fjon Bruk AS fylte nyleg 50 år, Ølen Betong held fram med å veksa og Stangeland Gruppen har kjøpt meir av næringsparken på Ekrene.
Jobbar ganske likt
Dei besøkjande frå Baltikum var der som del av eit EØS-prosjekt, kor dei får vitja eit anna land for å læra om korleis ein kan tiltrekka seg meir næring. Einingsleiar for samfunnsutvikling Bente Marie Johansen seier det var ei kjekk utveksling av erfaring mellom Sveio og Latvia.
– Me fekk visa korleis me jobbar og dei fekk visa kva dei gjer, seier ho.
– Kva synest dei om Sveio?
– Dei tenkjer det er bra, me jobbar ganske likt, men me er kanskje meir open enn dei, svarar ho.
– På kva vis er dykk meir open?
– Me held opne møter, me er frampå for å møta mogeleg næringsliv, og er generelt veldig på tilbodssida, seier Johansen.
Same utfordringar
Under presentasjonen kopla ho folkehelse til lokal næringsutvikling, og inviterte så rådgjevar Petter Steen Jr opp for å greia ut.
– Målet i Noreg er at flest mogeleg har god helse og ikkje treng helsetenester meir enn det som er vanleg, difor er folkehelse knytta til korleis ein byggjar eit godt samfunn, seier Steen.
Noko både Sveio, Latvia og Noreg har til felles er utfordringane. Rekordlåge fødselstal, dei førstegangsfødande har vorte mykje eldre (31 år), og ein aukande del av befolkninga som er pensjonert.
– Slik er det hos oss også, seier ein frå den latviske delegasjonen.
Flinke digitalt
Då dei latviske har reist vidare er einingsleiaren nøgd med møtet. Ho trivst godt med å visa Sveio-metoden til dei besøkjande. Men, ho kjem ikkje til å vitja dei med det første.
– Me er ikkje knytta til EØS-prosjektet eigentleg, så me skal ikkje dit, seier ho.
– Kva lærte dykk av latviarane?
– Dei har eit digitalt system dei nyttar som er veldig bra for planar og registrering av slikt. Det gjer at dei er flinke på digitale tenester for innbyggarane. Det kjem me til å kunne sjå på og læra av i åra framover, seier Johansen.