Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Læraren som klatra til topps
Han trives aller best i toppen av eit tre, men to dagar i veka er han nede på jorda og underviser i norsk og samfunnsfag.
Mellom tett bladverk frå ein blodbøk i Førresfjorden, har han rigga seg til med tauverk og seletøy. I sitt innhaldsrike belte har han ymse verktøy som greinsag og ei lett motorsag. Eit dobbelt klatretau har han festa høgt oppe i treet.
Han hukar ein karabinkrok frå enden på tauet fast til selen rundt livet og tar til å dra seg sjølv oppover stamma mellom lauvtunge greiner.
For fotografen nede på bakken kjem klatraren med raud hjelm og visir til syne først etter at han har kutta ned fleire greiner med frodig bladverk. Frå toppen av treet held han fram å kutta greiner kring seg og kastar dei ned.
Vel nede på jorda etter ei arbeidsøkt der oppe mot himmelranda fortel klatraren, Ole Ørjan Hov, om dagens oppdrag: Bøketreet er nærast for eit tuntre å rekna og står framfor inngangspartiet til einebustaden. Eigaren har hyrt inn Hov Trepleie og Trefelling AS til krympa den frodige blodbøken.
Store sår
Ole Ørjan Hov er gründer og førebels einaste tilsett i eige selskap. Hov fortel at han ser grove feil som er gjort tidlegare på mange av dei trea han får i oppgåve å beskjera.
– Ofte er store hovudgreiner kutta, noko som etter kvart vil føra til råte. Treet greier ikkje å hela sine sår om kutteflata blir for stor, seier han.
Hov har etter snart tre års virke i tre-faget samla seg røynsle og kunnskap. Fleire kurs innan trepleie-faget har også gitt auka forståing for korleis trea best kan stellast, slik at dei kan få eit langt og vakkert liv.
Men før me går djupare inn i kunnskapen om korleis trea bør behandlast, må vi gå nokre år tilbake i tid.
Slitsamt å sitja i ro
Ole Ørjan Hov, som nå er 51 år, utdanna seg som lærar. Då han budde på Austlandet, jobba han likevel i fleire år i eit firma innan data- og it-bransjen. Saman med familien flytta han vestover for snart 15 år sidan og busette seg i Lauvneset i Førde. Jobben i it-selskapet tok han med seg.
-Men det innebar at eg laut jobba heimanfrå og jobba aleine det meste av dagen. Det blei litt stusseleg i lengda.
Difor søkte han seg tilbake til skuleverket og fekk jobb ved Førde skule, kor han underviste i tre år.
– Eg er ein rastlaus person og ville prøva ein annan lærarjobb i eit anna skuleslag før eg eventuelt ville gi opp læraryrket. Haugaland vidaregåande skule i Haugesund blei neste stopp på karrierevegen. Etter nokre år i den vidaregåande skulen blei det meir og meir klart for han at stillesitjing over lang tid gjorde han sliten.
I yngre år dreiv han aktivt med klatring i vegg på Årnes i Akershus, der han budde før flytting til Vestlandet. Dessutan hadde han alltid vore interessert i skog, tre og planteliv. Eit bra grunnlag var såleis til stades for trefelling og trepleie som ny yrkesveg. Interessa for biologi og djupare kunnskap om tre har vakse fram etter kvart.
Skal snart opp til eksamen
– Når kundane mine i utgangspunktet vil hogga ned store tre, som skuggar for sola, tilrår eg å prøva beskjering og kronetynning av treet først. Slik vil treet kunne få stå, ha vidare god helse samtidig som folka nær treet også blir nøgde.
Sjølv er læraren slett ikkje skuletrøytt når det gjeld å læra nytt om trepleie, så vel praktisk som teoretisk.
Han har i løpet av dei siste par åra vore gjennom mange kurs, både innan klatreteknikk og kurs med tema korleis tre skal behandlast. Hov fortel at målet er å oppnå autorisasjon som arborist. Dette kan på norsk kvardagsmål kallast trepleiar. I følgje Store norske leksikon: «Arborist er en person som er fagkyndig i å behandle tre (plante, pode, beskjære og kurere). En arborist må gjerne ha gode klatrekunnskaper.»
Ifølge den komande arboristen må han før autorisasjon mellom anna kunne dokumentera 1.600 timar med klatring i tre. Hov skal opp til eksamen ein gong i oktober.
Han fortel at det er få autoriserte arboristar eller trepleiarar i Norge, men at ei særskilt utdanning i faget finst ved gartnarskulen på Hjeltnes i Ulvik i Hardanger.
– Mellom Bergen og Stavanger finst det knapt nokon med autorisasjon i faget.
– Kvifor arbeider du målmedvite for å bli autorisert?
– For det første brenn eg for faget trepleie, og for det andre har eg fått signal frå større kommunar som Haugesund om at det vil bli krav til autorisasjon før dei kan inngå langsiktige engasjement eller avtalar om pleie av kommunale tre.
Felling frå toppen av treet
Men i visse tilfelle er det ikkje nok med trepleie. Då må trea fellast. Til og med store, gamle tre må bøta med livet. Hov har spesialisert seg på felling av store tre som står vanskeleg til, nær kraftliner eller tett på hus og bygningar.
Trefellinga startar nær toppen av treet. Før han kappar ei lengde av stamma der oppe, vert delen som skal fellast sikra med tau, slik at den avkutta stokken kan styrast trygt ned til bakken utan å gjera skade.
– Du må lika å vera i høgda for å ta slike jobbar?
– Det er heilt klart ein fordel. Eg set stor pris på luftige arbeidsplassar – jo høgare, jo betre. Då får eg ein fantastisk utsikt. Eg har jobba i tre opp til 30 meter over bakken.
– Når det bles, kjenner du godt at stamma svingar på seg i den høgda?
– Ja, det merkar ein. Men det er ein trygg arbeidsplass så lenge ein er godt førebudd. Eg har, som nemnt, gått fleire klatrekurs og har etter kvart god røynsle. Men ein må tenkja gjennom og planleggja grundig på førehand kvar operasjonen som skal gjennomførast, seier Hov.
Klatreteknikk og tryggleik
Han legg til at bruken av klatreteknikk er ein tryggare og meir fleksibel metode enn stige eller lift.
– Eg kan bevega meg rundt treet og flytta meg etter behov når dei øvste delane av treet skal fellast. Dessutan jobbar kona mi som inspektør i Arbeidstilsynet, så eg får god fagleg støtte når det gjeld risikovurdering og HMS-prosedyrar, seier Ole Ørjan Hov med eit glimt i auga.
For å kunna demonstrera klatreutstyret og bruken av det, tek Hov oss med til den idylliske bøkeskogen ved prestegarden i Førde. Dei nær himmelhøge, eldgamle bøketrea med digre greiner i nesten alle retningar innbyr til klatring.
Hov forklarar at klatreutstyret har mykje til felles med sports-klatreutstyr; til dømes er knutane dei same. Men selane er meir polstra, og det er fleire festepunkt ved hofter og lår.
Han seier vidare at i treklatring kan ein nytta ulike teknikkar og ein kan bruke eitt eller to tau som blir festa høgt oppe i treet.
– Eg nyttar vanlegvis dobbelt tau. Då er det lettare å stramma det opp og det blir enklare å justera eigen posisjon.
Men før han klatrar, tek han alltid ein runde rundt treet for å sjå etter synlege teikn på råte eller andre symptom som kan tyda på at treet er for svekka til å klatra trygt i.
Klatring med tau krev først at ei line blir skoten over ei høveleg tjukk grein, høgt oppe på stamma. Til denne utskytinga nyttar Hov ein stor sprettert. Han siktar nøye og treff med lina over ei solid grein. Deretter kan klatretauet bli heist opp og klatringa kan så smått ta til.
Marknad og etterspurnad
– Korleis har marknaden teke imot tilbodet ditt om trepleie og trefelling?
– Då eg starta med dette for vel tre år sidan, var målet å få tilsvarande inntekt som frå ein fulltidsjobb som lærar. Det målet har eg nådd. Men det er inga gullgruve, seier Hov.
Han legg til at det er ei givande form for verdiskaping innan biologi og trepleie, samstundes som det gir ei kjensle av meistring når ein tek ansvar for sin eigen arbeidsplass. Kundane hans er for det meste private grunneigarar og hageeigarar. Trepleie kan utførast det meste av året.
– Beskjering og kronetynning bør helst ikkje gjerast i månadene mars, april og tidleg i mai. Eg merkar at medvitet om å ta vare på trea er aukande. Gjennom året blir det om lag like mykje trepleie som trefelling.
Hov understrekar også at han legg vekt på berekraftig drift av verksemda si. Han peikar mellom anna på at det meste av reiskapen som krev motordrift, nå er elektrisk. Det gjeld også for kjedesagene. Men den største saga han brukar til felling, er framleis bensindriven.
Framtidsplanar
– Er det aktuelt å utvida verksemda slik at du kan driva Hov Trepleie og Trefelling på heiltid?
– Eg har det fint slik eg har det nå, med to dagar i veka som lærar på Haugaland vidaregåande og resten av veka i trepleie. Å jobba i trea seks til sju timar, fem dagar i veka, kan bli i meste laget. Kombinasjonen med læraryrket gir meg høve til avveksling frå den mest fysisk krevjande delen av arbeidsveka, seier Hov.
Han ser likevel føre seg heiltidsjobb i firmaet dersom han får langsiktige avtalar med det offentlege.
– Då ville det vera grunnlag for å ha med ein tilsett i firmaet, slik at eg sjølv kunne veksla mellom arbeid ute og noko skrivebordsarbeid. Då kunne verksemda også tilby rådgjeving og utarbeiding av skjøtselsplanar.
Men for å kunne inngå slike langsiktige kontraktar må han ta eksamen som arborist til hausten.
– Det krev mellom anna fleire timar med godkjend klatrepraksis, seier Ole Ørjan Hov, medan han heisar seg oppover langs trestamma.