nyhende

Arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø i KS og leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet i samband med lønnsforhandlingane i vår. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangsø i KS og leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet i samband med lønnsforhandlingane i vår.

Lærarane ber alle førebu seg på opptrapping av streiken

Berre dagar før skulestart verkar det ikkje som om Utdanningsforbundet og KS er nær ei løysing. I sommar har det ikkje vore kontakt mellom dei.

Publisert Sist oppdatert
NTB-NPK: – Eg trur alle bør førebu seg på at det blir ei opptrapping av streiken, er beskjeden frå leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal.

Samtidig som elevane skal tilbake på skulebenken frå måndag neste veke, ulmar ein storstreik.

– Noreg har lærarmangel – stor lærarmangel. KS har gjort oss til lønnstaparar for sjette året på rad. Det er klart at det reknestykket ikkje går opp, og gjer at færre søkjer seg til lærarutdanning og fleire vurderer å slutte i jobben, seier Handal til NTB.

Handal viser til at éin av fem som underviser i skulen, ikkje har lærarutdanning. Då er samfunnet på veg inn i ein svært alvorleg situasjon, meiner han.

– Barn og unge vil ikkje få den utdanninga dei treng, utan nok lærarar.

Avviser dårleg lønnsvekst og lærarmangel

Den kritikken er arbeidslivsdirektør Tor Arne Gangstø i KS sterkt usamd i.

– Utdanningsforbundet bruker nasjonale tal frå Det tekniske berekningsutvalet for å vise at dei er lønnstaparar. Dei er lite relevante for å sjå på lønnsutviklinga. Eigne tal for kommunesektorane, som alle partar er samde om, viser at dei ulike lærargruppene har hatt 1 promille lågare lønnsvekst dei siste fem åra enn snittet, seier han til NTB.

Gangstø avviser også at Noreg har lærarmangel, og fortel at 96 prosent av lærarane i grunnskulen oppfyller kompetansekrava, ifølgje tal frå SSB.

Ingen kontakt gjennom sommaren

Utdanningsforbundet var misfornøgd med oppgjeret i kommunesektoren og sa nei til løysinga som hovudorganisasjonen Unios forhandlarar vart samd med KS om i vår.

– Eg ønskjer ikkje å avsløre kvar og når og kor mange streiken vil omfatte. Det er vanleg spelereglar i arbeidslivet at ein gir arbeidsgivar beskjed før det skjer. Til då held vi korta tett til brystet, seier Handal.

Fagforeiningsleiaren seier det ikkje har vore nokon kontakt med KS gjennom sommaren, men at forbundet har vore i kontakt med Riksmeklaren.

– Døra vår er alltid open

– Kva må til for å forhindre streik?

– Det er berre ein ting som kan forhindre det, det er at partane møtest igjen, og at KS viser vilje til å gi lærarane eit betre tilbod, konstaterer Handal.

KS seier dei har strekt seg så langt som kommuneøkonomien toler.

– Utgangspunktet er at handlingsrommet er svært lite fordi vi har funne ei løysing med alle andre, men døra vår er alltid open, svarer Gangstø

Vil ikkje svare om uttaket

Lektorlaget har varsla at dei trappar opp streiken og tek ut 30 medlemmer frå og med neste veke. Skolenes landsforbund har sagt at dei vil vente med å trappe opp lærarstreiken til alle skulane har starta opp etter ferien.

Eit uttak skal varslast fire dagar før streiken startar.

– Når vil de gi siste beskjed til arbeidsgivar? Kjem det i dag eller i morgon?

– Det kan eg ikkje avsløre. Det vil bli kjent når vi gjer det, svarer Handal.

Forskar: Spesiell streik

Fafo-forskar Kristine Nergaard samanliknar årets streik med den i 2014, då 7.000 lærarar vart tekne ut til skulestart.

– Den gong vann dei, men då handla det om ein særavtale om arbeidstid for lærarar. Det blir vanskelegare i år, då spliden handlar om lønn. Men det blir spennande å sjå om dei prøver seg på ein ny strategi, til dømes eit lågare uttak i få kommunar for å leggje press på KS på ein ny måte.

– Er det noko med denne streiken som skil seg ut?

– Det som er spesielt, er at det er berre lærarorganisasjonar som har sagt nei i årets oppgjer, medan resten av arbeidstakarorganisasjonane i kommunal sektor har sagt ja. Det gjer det endå vanskelegare å lande noko anna lønnsmessig enn det som allereie ligg på bordet. Det vil sitje langt inne for KS å gi etter, sidan fleirtalet av dei andre forbunda har sikra seg retten til å krevje reforhandlingar, seier ho.

Nergaard trur lærarstreiken blir både langvarig, omfattande og vanskeleg å vinne.

– Den vil nok vare nokre veker. I og med at det berre er ein lærarstreik, så er det også vanskeleg å styre streiken mot tvungen lønnsnemnd, seier Nergaard.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS