nyhende

Klassetreff i Førde sist laurdag. Bak frå venstre: Aud Margaret Tjelta, Astrid Jorun Kolstø, Arvid Birkeland, Paul Idar Gerhard, Trond Grønås, Martin Thormodsen, Babben Staveland og Sigve Staveland, Hilde Hagen Nordahl og Marita Urrang. Framme frå venstre: Åse Aspen, Marit Langøy.FOTO: PRIVAT
Klassetreff i Førde sist laurdag. Bak frå venstre: Aud Margaret Tjelta, Astrid Jorun Kolstø, Arvid Birkeland, Paul Idar Gerhard, Trond Grønås, Martin Thormodsen, Babben Staveland og Sigve Staveland, Hilde Hagen Nordahl og Marita Urrang. Framme frå venstre: Åse Aspen, Marit Langøy.

Lærar Sigve (95) er framleis med når klassen møtast

Dei byrja på skulen saman i 1961. Sist laurdag hadde dei klassetreff i Førde. Læraren Sigve (95) og kona hans Babben (94) var som alltid med.

Publisert Sist oppdatert

Mellom elevane som starta på Solvang skule i Haugesund i 1961, og seinare vart flytta over til Breidablikk, er det fleire sveibuar. Samhaldet i klassen har vore særs godt, og framleis prøver klassen å få til eit årleg klassetreff. Sist laurdag tok Arvid Birkeland i Førde i mot 13 klassekameratar frå barneskulen.

Godt samhald

Den innflytta sveibuen Elisabeth Hauge Bakke er primus motor for dei årlege treffa. Ho fortel at då klassen skulle opp i fjerde klasse, så var det Sigve Staveland som tok over peikestokken. Og han er framleis med når klassen møtast, i ein alder av 95 år.

— Han har alltid sagt at det var noko spesielt med klassen vår, og at han gler seg til dei årlege samkomene, fortel ho.

Læraren sin kone, Babben (94), er også alltid med. Slik ho var allereie då klassen drog på klassetur til Bergen og dei trengte ei kvinne med på turen, sidan det var på gutar og jenter i klassen.

— Sigve inviterte oss også både til sin 90- og 95-årsdag. Og 1. juni i år tok dei begge del i gravferda til ein av våre medelevar. Dei ba oss heim til seg for eit måltid mat og god prat etter seremonien, fortel ho.

Las frå meldeboka

Då dei møttest i Førde i helga var det den Sveio-busette og nyleg pensjonerte nordsjøkokken Paul Idar Gerhard som sto for maten.

Under samlinga las Åse Aspen opp frå «meldeboka» si, kor Staveland mellom anna hadde skrive «Åse har gløymd salmeboka».

Powered by Labrador CMS