nyhende
Problemstillinga høgst aktuell også i Sveio, seier bondelagsleiaren:
– Lær og respekter kuvetteglane
Møter du kyr på tur i sommar? Lær deg kuvettreglane, oppmodar Bondelaget, Småbrukarlaget, TYR, Tine, Geno og Norsk Friluftsliv.
– Dette er viktig. Konfliktar mellom beitedyr og turgåarar er eit høgst aktuelt tema også her i Sveio, seier leiaren i Sveio Bondelag Steinar Vikse.
Kjent problemstilling
Han har sjølv ammekyr med kalvar på beite på eit Vikse i eit område som også blir nytta til turgåing.
– Folk flest har fått større avstand til landbruk og husdyrhald enn før i tida. Mange forstår ikkje kor sterke bindingar det er mellom ku og kalv. Og sjølv om ammekyrne er nysgjerrige, er dei ikkje så vane med folk som mjølkekyrne. Dei kan då lett bli aggressive om dei føler seg eller kalvane trua.
I dei tilfelle der det oppstår konflikt, handlar det ofte om hundehald. Vikse minner om at det er bandtvang året rundt i Sveio. Det er for ein grunn.
– Min hund har aldri gjort noko galt, får me ofte høyra. Det kan godt henda, men det veit ikkje kyrne noko om. Om hunden er aldri så snill og lydig, vil instinkta ofte ta over i møte med lam eller rådyr, seier Vikse vidare.
Misbruk av allemannsretten
Han trur også mange har ei feil forståing av kva allemannsretten inneber.
– Allemannsretten gjeld i utmark. På gjødsla beite og slåtteenger har ikkje turgåarar noko å gjera. Likevel opplever me at folk trakkare gjennom graset og til og med set opp telt på innmarka.
Grindar er eit anna problem. Dei fleste er flinke til å lukka etter seg, men nokre slurvar. Her kan også bøndene leggja betre til rette der dei veit det er mange turgåarar, seier Vikse.
Han hører jamleg om dei same problemstillingane frå andre bønder i Sveio og trur problema kan bli endå større når større delar av kommunen no blir opna for turgåing gjennom det store turstiprosjektet mellom Auklandshamn og Haukås.
– Me ønskjer ikkje å få telefonar om at dyra våre har sprunge etter og i verste fall skada fok. Men då må også turgåarane akseptera at dyr er dyr, anten det handlar om kjæledyr eller produksjonsdyr, seier den lokale bondelagsleiaren.
Dette er kuvettreglane
Kuvettreglane som landbruks- og friluftsorganisasjonar har samla seg om, er i seks punkt og lyder slik:
- Hald avstand til dyra og gå utanom flokken.
- Ikkje gå mellom dyra. Kyr kan bli påtrengande og skapa uønska situasjonar.
- Ikkje gå bort til kalven. Kua kan gå til angrep for å bestytta den.
- Hundar bør ikkje takast med til beitande dyr. Hugs bandtvangen.
- Kyr er nysgjerrige. Blir kuflokken pågåande, slepp det du har i hendene og trekk deg unna. Du kan henta utstyret ditt etter at kyrne har gått bort.
- Opnar du ei grind, må du lukka den igjen også! Opne grindar gjer at dyra kjem inn på område dei ikkje skal vera. Det kan vera farleg for dei og andre.
– Ferdast omsynsfullt
Kyr er stort sett fredelege dyr, men det kan oppstå farlege situasjonar om d yra blir skremde eller opplever at kalvane deira blir trua. Difor er det lurt å læra seg korleis ein skal ferdast omsynsfullt og trygt, seier generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Bente Lier, i ei pressemelding som er sendt ut om det nye regelverket.