nyhende
La humla suse – WWF ber folk ikkje klippe graset i mai
La grasklipparen stå i mai, med godt samvit, seier Verdsnaturfondet. Dei ber hageglade nordmenn skjenke ein tanke til insekt som lever under press.
Det er høgsesong for pollinatorane i norsk natur, men bestanden av desse kritiske insekta krympar, minner på Verdsnaturfondet ( WWF ).
– Ein stramt frisert grasplen er for mange eit teikn på ein velstelt hage, men for pollinatorar og andre insekt og er det ein biologisk ørken, seier generalsekretær Karoline Andaur.
Ho håpar hageeigarane blir med på initiativet om å gjere hagen litt villare. Og nordmenn får tydeleg beskjed:
– Dropp plenklippen og la hagen gro!
WWF er bekymra over nedbygginga av norsk natur, som er avdekt mellom anna i ein rapport frå april frå Norkart. Naturområde på storleik med 300.000 fotballbanar er sette av til bustad, hytter og næringsverksemd, ifølgje rapporten, som vart laga på oppdrag av WWF og miljøorganisasjonen Sabima.
Ein tredel av bieartar i Noreg er raudlista, og mange er i fare for å forsvinne heilt. Tolv artar har ikkje vorte observerte på 50 år og er sannsynlegvis utdøydde, ifølgje WWF.
Sommarfuglane er også utsette. 22 prosent står oppførte på raudlista.
– Insekta er superheltane til naturen og utgjer sjølve berebjelken i alle økosystem. Faktisk kjem rundt ein tredel av maten vi et frå plantar som er pollinerte av insekt, seier Andaur.
(©NTB)