nyhende
Kystlaget fekk pris for verdfullt kulturarbeid
På laurdag fekk Sveio Kystlag gleda av å taka imot kulturprisen for 2021.
Kulturprisen, ein honnør for langvarig og verdfull kulturinnsats i Sveio, vert utdelt av kommunen annakvart år.
I år vart han utdelt under Kystlaget si årlege sankthans-feiring på Kysttunet.
— Dette var overraskande og i tillegg inspirerande for vidare kulturarbeid, seier Terje Lier, som er styremedlem i Kystlaget.
— Prisen er ein takk for det arbeidet som er lagt ned av medlemene i Sveio kystlag gjennom mange år. Vonleg kan ei utmerking som denne vera med på å synleggjera Sveio kystlag endå meir i lokalsamfunnet, og kanskje medverka til eit endå større engasjement kring arbeidet vårt, seier styreleiar i Kystlaget, Kristian Wathne.
Mange års innsats
Grunngjevinga av overrekkinga er Kystlaget sin innsats for å verna om kystkulturen i Sveio. Dei har i ei årrekkje gjort eit framifrå arbeid med å synleggjera nyttig og interessant kysthistorie, fortel ordførar Erve. Ho understrekar at kulturlivet har ein samlande funksjon.
— Kultur er viktig. Kunst og kultur er grunnleggjande for å skapa gode liv og eit godt samfunn. Kulturopplevingar gjev livet vårt innhald og knyter oss saman som menneske. Kulturen er med på å bryta ned barrierar og skaper nye og sterkare fellesskapar, lydde orda ho serverte under talen sin på Kysttunet laurdag.
Skaper møteplassar
Ifølgje kommunen skaper Sveio kystlag aktivitet i lokalsamfunna gjennom å etablera gode møteplassar, som til dømes olsokfeiring, sankthansfeiring, kulturarrangementet «kystsogevekene», treskjering, lefsebaking, restaurering av skuta Nyfalken og meir.
— Sveio kystlag har gjennom mange år vore ein stor pådrivar for kulturlivet generelt og kystkulturen i Sveio. Tusen takk for innsatsen dykkar, sa Erve idet ho overrekte Kystlaget kommunen sin tradisjonsberande kulturpris.