nyhende
Kyrkjeklokkene vil ringe for Ukraina
Kyrkjeklokkene i både Sveio, Førde og mange andre stadar i landet tas i bruk sundag ettermiddag, for å markere solidaritet med ofra for krigen i Ukraina.
Det er biskopane i Den norske kyrkje og Noregs Kristne Råd som står bak oppmodinga.
— Russland sin invasjon av Ukraina har sjokkert ei heil verd. Det rører oss alle, også som kyrkjelyder og som nasjonalt kristeleg fellesskap i Noreg. Vi vil markere solidaritet med dei som lid i Ukraina og dei som flyktar frå krigen sine redslar, seier preses i den Norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, i ei pressemelding.
Sju minuttar klokka 13
Biskopane si oppmoding er å ringe med kyrkjeklokkene sundag 13. mars klokka 13, i sju minuttar.
Soknerådet i Sveio følgjer oppmodinga.
— Me vil delta i frå dei kyrkjene der det er gudsteneste sundag, opplyser kyrkjeverje Ottar Krakk til Vestavind.
Kyrkjesrådsleiar i Den norske kyrkje, Kristina Gunleiksrud Raaum, støttar oppmodinga.
— Mange kyrkjer har gitt rom for samlingar og for stillheit, for bønn og tenning av lys, for fred og rettferd for Ukraina sitt folk. Nå vil vi også oppmode kyrkjelydane til å markere med klokkeringing, seier Raaum.
— For alle som er prega
Norges kristne råd, som er eit fellesskap av kristne kyrkjer og trussamfunn, oppmodar også andre kyrkjesamfunn til klokkeringing.
— Vi ber for alle som no er ramma av denne krigen, og for alle som er prega av angst og uro, seier generalsekretær Erhard Hermansen.