nyhende

Bygdagudsteneste med lokalhistorisk samling og kunstutstilling for tredje gong:

Kyrkjekaffi med bakerihistorie i Førde

For tredje år på rad blir det søndag bygdagudsteneste i Førde, etterfølgd av kyrkjekaffi der det også blir plass til lokalhistoriske forteljingar og utstilling med lokale amatørkunstnarar.

Publisert Sist oppdatert

I år blir kyrkjekaffien servert på staden der Ottesen sitt bakeri heldt til og forsynte førdebuar og andre sunnhordlendingar med bakarvarer gjennom fleire generasjonar. Huset tilhøyrer i dag Ole Jacob Ravn Ottesen, barnebarn til ein av dei siste bakarane i familien. Far til Ole Jacob, Jostein Ravn Ottesen, vil fortelja om familien og bakeriet si historie. Kaker blir det sjølvsagt også. Og sjølv om dei gamle bakaromnane ikkje lenger er i drift, blir det mellom anna lova jødekaker etter Ottesen-bakeriet si gamle oppskrift. I Ottesen-familien er det også fleire med kunstnarlege evner. Dei vil stilla ut nokre av arbeida sine i det gamle bakeriet.

Talar på gudstenesta i år blir presten Liv Marit Tjelle, sjølv oppvaksen i Førde.

Tok initiativet

– Dette er så moro! Eg gler meg til søndag, seier Mariann Hovda entusiastisk.

Det var ho som tok initiativ til konseptet bygdagudsteneste kombinert med kyrkjekaffi, lokalhistorie og lokal kunst for to år sidan. Og ho er framleis med i planleggingsarbeidet.

– Eg er prosjektleiar, kan du seia. Får ting til å skje, men gjer elles ikkje så mykje sjølv. Noko av føremålet er nettopp å engasjera flest mogleg andre, bruka ressursane som finst lokalt både under gudstenesta og etterpå.

Mariann Hovda fortel korleis idéen kom opp og blei sett ut i livet.

– Me rydda ut av kjellaren her i hytta vår. Hytta står på ein grunnmur av naturstein frå midten av 1800-talet. Då alt var ute, slo det meg kor vakkert dette rommet var med dei fine murveggene. Eg tenkte: «Her hadde det vore fint å ha ei kunstutstilling.» Og så gjorde me nettopp det!

Førebilde frå Fredrikstad

Førebildet var ei venninne i Fredrikstad, som arrangerte ein svært vellykka hagefest med kunstutstilling. Festen blei arrangert i Mariann sin barndomsheim, og mykje av programmet gjekk ut på at ho sjølv fekk dela minne frå barndommen i den same hagen. Dette konseptet var det ho no fekk tankar om å overføra til Førde. For å testa idéen, rådeførte ho seg med leiaren i Førde Bygdalag, Tor Inge Flåten. Han var positiv.

– Og så er jo både mannen min og eg glade i kyrkja. Eg tenkte difor at hagefesten kunne kombinerast med kyrkjekaffi og tok dette opp med dåverande sokneprest, no prost Arild Steinsland. Han blei begeistra for idéen. Det same blei soknerådet, som kom på synfaring. Utan støtta frå alle desse og frå mannen min hadde det nok aldri blitt noko av heile hagefesten, innrømmer ho.

Tidlegare husmannsplass

Mariann og mannen Ole Jens Hovda bur på Kråkerøy i Fredrikstad, men har hytte i Førde. Solheimsbakken blir eigedommen kalla. Opphavleg var det ein husmannsplass under prestegarden. Den siste som budde her var skomakaren Ingebrigt Sandvik og familien hans. Sandvik var gift tre gonger. Den siste kona hans, Ingrid, døydde i 1932. Ei tid etter blei huset selt, demontert og sett opp igjen ein annan stad i Førde. I 1941 fekk Ole Jens Hovda sine besteforeldre, Åsta og Theodor Hovda, bygsla tomta og sette opp hytta som no står der.

– Under krigen var det jo ikkje så lett å få tak i materialar til husbygging, men besteforeldra mine kom over eit gammalt tømra hus som var demontert på Nodland i Tysvær og flytta det til Førde. Den lokale byggmeisteren Sigurd Kjærandsen hjelpte til med litt ekstra trevyrke, fortel Ole Jens Hovda.

Bestefaren, Theodor Hovda, var sokneprest i Sveio med bustad i Førde frå 1925 til 1936, og løpet av denne tida blei familien svært glad i Førde. I 1936 blei Theodor Hovda residerande kapellan i Vår Frelsers menighet i Haugesund, ei stilling han hadde fram til 1947. Resten av dei yrkesaktive åra sine var han prost i Fana, men også som pensjonist var han aktiv både som prestevikar og gymnaslærar.

– Kvileplass under krigen

– Særleg under krigen kjende familien på eit stort behov for å koma litt avsides og kvila seg frå tid til annan. Det var bakgrunnen for at hytta blei bygd. Besteforeldra mine elska denne staden og var er mykje så lenge dei levde, forklarar Ole Jens.

Foreldra hans overtok hytta då Theodor Hovda døydde i 1976. Mariann og Ole Jens har hatt staden sidan 2006.

– For to år sidan var det her ved hytta vår me hadde kyrkjekaffien etter den første bygdagudstenesta. Då kom det til å handla mykje om Åsta og Theodor Hovda. Blant anna hadde Ellen Kristine Kjærandesen Hagerup, som var oppvaksen i nabohuset, snakka med nokre gamle tanter som fortalte historier me aldri hadde høyrt før om presten Hovda. Og det var på høg tid at desse historiene kom fram. No er ei av dei tantene og mor hennar borte, fortel Mariann.

– Habil amatørkunstnar

Mange andre tok også ordet. Frå før hadde den omtalte naboen Ellen Kristine kome med eit  klenodium som i dag heng i glas og ramme i hytta. Det er framsida av eit julehefte kalla «Mors Julenummer». Dette bladet kom ut i 1952, og det interessante er at framsidebildet viser interiør frå hytta deira, slik det var og framleis er.

– Bildet er malt av bestefar. Han var ein habil amatørmalar og let etter seg mange maleri, fortel Ole Jens.

Fjærtoft-familien i fjor

Rundt 60 personar var med på gudstenesta første året, 40 av desse blei med til kyrkjekaffien på Solheimsbakken. Året etter, altså i fjor, auka talet på gudstenestedeltakarar til 116. Hundre av desse blei med til kyrkjekaffien som då blei servert i den ærverdige bustaden som lensmann Styrk Fjærtoft fekk reist. Då var det lensmannen sine etterkomarar som fortalte om sin oppvekst og om gründeren og samfunnsbyggaren Styrk Fjærtoft.

Prest og musikar

Ole Jens Hovda har gått i bestefaren sine fotefar og er prest sjølv også. Dessutan er han musikar, og som han sjølv seier likar han å by på seg sjølv og gjerne involvera andre under gudstenestene. Den første bygdagudstenesta blei innleia med hornmusikk frå kyrkjetårnet. Dei som spelte var  Mariann Hovda, Ingvild Steinsland, Gunvor Steinsland og Ole Jacob Ravn Ottesen. Ole Jens gjorde teneste som prest og måtte dessutan vikariera for organisten ved å akkompagnera salmesongen på gitar.

Også i år skal han bidra med musikkinnslag. Dessutan blir det song av Ingebjørg Bøe. I tillegg til Liv Marit Tjelle er det også venta at Arild Steinsland og Ingvild Lalim – oldebarn til Styrk Fjærtoft – vil medverka.

– Og folk står i kø for å vera vertskap for kyrkjekaffien dei neste åra, fortel Mariann.

Mellom kandidatane er Steinsland-familen i den gamle prestegarden.

Powered by Labrador CMS