nyhende

Leiar Bent Rune Sinnes i Sveio sokneråd og leiar i Sveio idrettslag, Lillian Rommetveit, trur kyrkja og idrettslaget saman kan sikre robuste integreringstiltak for ukrainske flyktningar.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Leiar Bent Rune Sinnes i Sveio sokneråd og leiar i Sveio idrettslag, Lillian Rommetveit, trur kyrkja og idrettslaget saman kan sikre robuste integreringstiltak for ukrainske flyktningar.

Kyrkja og idrettslaget går saman om tilbod til ukrainske flyktningar

Ni Sveio-familiar har meldt seg som potensielle vennefamiliar for ukrainske flyktningar. No er også Sveio idrettslag kopla på, i det partane håpar skal bli et berekraftig integreringstilbod.

Publisert Sist oppdatert

Sveio kommune har førebels forplikta seg til å ta i mot inntil 35 ukrainske flyktningar. Per onsdag 13. april var det registrert at 10 av dei som har flykta frå krigsherjingane i Ukraina no har kome til kommunen.

Berekraftig integrering

For over ei veke sidan gjekk kyrkja i Sveio ut og etterlyste norske familiar som kan ta på seg å vere vennefamiliar for dei som kjem. Dei fleste av flyktningane er venta å vere mødrer med barn.

— Førebels har ni norske familiar meldt seg, fortel Bent Rune Sinnes. Han er leiar i Sveio sokneråd, og er den som kom opp med ideen.

Sinnes fortel at dei ser føre seg at kvar flyktningfamilie skal ha to norske vennefamiliar som dei kan spele på. På denne måten trur dei mellom anna at familiane som kjem, får høve til å del i forskjellige fritidsaktivitetar, knytt til musikk, idrett eller noko anna.

No har kyrkja også fått med seg Sveio idrettslag.

— Det handlar om å bygge opp eit tilbod som skal vere berekraftig, seier han.

Han seier at ein i Sveio har prøvd å etablere ordningar med venskapsfamiliar ved tidlegare mottak av flyktningar i kommunen, men at det ikkje har fungert optimalt over tid.

No tek ein med seg erfaringane og jobbar vidare med noko han håpar skal bli robust, både for flyktningane og for dei norske familiane som forpliktar seg til å vere med.

Idrettslaget med

Leiar Lillian Rommetveit i Sveio idrettslag seier at dei står klare til å ta i mot flyktningar som medlemmar i idrettslaget. Laget tilbyr aktivitetar innan fotball, handball, volleyball og friidrett/allidrett.

— Me tek òg  med oss lærdom frå tidlegare mottak av flyktningbarn i idrettslaget. Tidlegare har me sendt unge flyktningar rett ut på banen i konkurranse. Det var ikjke spesielt vellykka, seier ho.

Difor vil idrettslaget no gjennomføre miljøtiltak for å bli kjent med dei som kjem, før dei blir kaste ut i konkurranse-situasjonar på idrettsbanane.

— Det kan vere sosiale kveldar, kor dei blir invitert først, fortel ho.

Ho oppmodar samtidig lokale verksemder til å bidra økonomisk til dette arbeidet.

Idrettslaget har også lagt ut informasjon om tilbodet på ukrainsk, språk. som dei har fått frå Noregs idrettsforbund.

— Slik kan flyktningane få grunnleggjande informasjon om kva eit idrettslag er og korleis dette fungerer i Noreg, seier ho.

Ho legg til at dei ikkje treng å vere redd for kontingent, det er noko Nav tek seg av, og idrettslaget samarbeider også med Sveio Frivilligsentral om å skaffe treningsutstyr.

Nav prisar initiativet

Leiar for Nav Sveio, Sindre Vikanes, synes det er flott initiativ som kyrkja og idrettslaget no tar i lag.

— Det er veldig bra, og dette viser at det er ein vilje til å hjelpe til med å integrere flyktningar som kjem til Sveio, seier han.

Han seier at Nav vil halde kontakten med kyrkja og idrettslaget, og formidle tilbodet til dei enkelte flyktningane.

Powered by Labrador CMS