NPK-NTB: Den norske kyrkja har oppretta ein eigen nettportal som skal gjere det enklare å ta fatt i ukultur i Kyrkja. Så langt har 129 saker vorte melde inn digitalt.
Nye krav til å handtere varsel og avvik gjer at Den norske kyrkja har oppretta ein digital varslingsportal , skriv Vårt Land. Her kan både tilsette, frivillige og publikum seie frå om kritikkverdige forhold.
Så langt har 129 saker vorte melde inn digitalt, men Jan Rune Fagermoen ventar at talet vil stige når kanalen skal bli kjent. Han er avdelingsdirektør for digitalisering, HR og utvikling i Kyrkjerådet.
Av dei innmelde sakene, er hittil 46 saker ferdigbehandla. Av desse igjen er 13 avviste som «ikkje-kritikkverdige forhold».
Så langt har Kyrkjerådet, alle bispedømme og 134 av til saman 348 fellesråd tekne løysinga i bruk.