nyhende

Det blir truleg brislingfiske i Sognefjorden og Hardangerfjorden, men ikkje i Nordfjord. Foto: Kari Hamre / NPK
Det blir truleg brislingfiske i Sognefjorden og Hardangerfjorden, men ikkje i Nordfjord.

Kvoteråda klare for brislingfiske i Vestlandsfjordane

Publisert Sist oppdatert
NPK: Havforskingsinstituttet tilrår fiske på opptil 240 tonn brisling i Hardangerfjorden, 360 tonn i Sognefjorden og framleis nullfiske i Nordfjord.

Råda byggjer på data frå brislingtoktet med «Kristine Bonnevie» i august, saman med historiske data og fangstane i fiskeriet.

– I år som i fjor såg vi mykje brisling i Hardangerfjorden, men mest eittåringar. Ein del av desse igjen var under minstemålet på 10 centimeter, fortel bestandsansvarleg havforskar Cecilie Kvamme i ei sak på nettsida til Havforskingsinstituttet.

– I Sognefjorden var det også bra med fisk. Og der var det toåringane som dominerte, fortset ho.

I Nordfjord fann forskarane så å seie ingen brisling på toktet, med unntak av eit flak med veldig liten brisling heilt ytst i fjorden. Dette gjer at forskarane ikkje tilrår at det blir opna for brislingfiske i Nordfjord i år heller.

Forskarane kjem med eit eige råd for Trondheimsfjorden i november, etter ei måling av mengda brisling der.

Det er HI som gir kvoteråd for kystbrisling. Fiskeridirektoratet set dei endelege kvotane.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS