nyhende
Kvinner oftast sjuke av dårleg psykososialt arbeidsmiljø
Med fleire eldre og færre yrkesaktive, må vi legge betre til rette for at folk kan stå lenger i arbeid. Det betyr at vi må vere særleg merksame på det psykososiale arbeidsmiljøet i sektorane med størst fråfall, seier direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim.
– Noreg er i ei særstilling med gode velferdsordningar. Men med fleire eldre og færre yrkesaktive, har vi ikkje lenger økonomi til den same velferda. Det betyr at vi må stå lenger i arbeid. Det betyr også vi må vere meir merksame på det psykososiale arbeidsmiljøet, og særleg i sektorane der dårleg psykososialt arbeidsmiljø fører til størst arbeidslivsfråfall, seier direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim, til Nynorsk pressekontor.
Høge emosjonelle krav og store fysiske og psykiske belastningar fører til alt frå kortare fråfall frå arbeidslivet til varig uførheit. Samla kostar fråfallet samfunnet 75 milliardar kroner kvart år. I tillegg er dei personlege omkostningane for den einskilde store. Det råkar også familiane deira, og verksemdene dei har jobba i.
– Det er særleg kvinner som blir sjuke av dårleg psykososialt arbeidsmiljø. Årsaka er at dei ofte står i andre typar arbeidsforhold enn menn, i jobbar som til dømes inneber tunge løft og krevjande psykisk arbeid med alvorleg sjuke og demente. Det er tungt over tid, påpeikar Vollheim.
Uklare reglar
Ifølgje arbeidsmiljølova skal arbeid planleggjast, organiserast og leggjast til rette slik at arbeidstakarane ikkje blir utsette for uheldige fysiske eller psykiske belastningar.
Føresegna om det psykososiale arbeidsmiljøet skal hindre at arbeidstakarar blir utsette for ulike negative psykososiale forhold, og at summen av belastningane ikkje blir for stor. Det inneber mellom anna å hindre at tilsette blir utsett for mobbing, vald, utfrysing, uønskt seksuell merksemd eller usakleg fråtaking av arbeidsoppgåver – men også at tilsette skal ha kjensla av å gjere ein god nok jobb og strekke til.
I ein rapport som Arbeidstilsynet sjølv nyleg la fram, konkluderer dei likevel med at dagens regelverk ikkje er eit godt nok verktøy for å bidra til eit godt psykososialt arbeidsmiljø. Tilsynet meiner mellom anna det er behov for å gjere det tydelegare i lovteksten at alle relevante faktorar i det psykososiale arbeidsmiljøet inngår i eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Eit klarare regelverk vil auke forståinga for kvifor det er viktig å jobbe med dette området og kva arbeidsgjevar er plikta til å gjere, meiner Vollheim:
– Me i Norden har lenge vore leiande i det å ha eit tydeleg fokus på arbeidsmiljø, men det er likevel ikkje nok. Der ein tidlegare tenkte på sosiale tiltak som vaffelsteiking og turar som viktige bidrag, veit me i dag at noko av det aller viktigaste er at både leiarar, tilsette og verneombod pratar saman. Om korleis dei har det, korleis dei samhandlar og korleis dei organiserarer arbeidet – og kva dei saman kan gjere for å redusere risikoen for eit dårleg arbeidsmiljø og dei konsekvensane det kan få, seier ho.
Utsette grupper
Tal frå SSB viser at yrkesgrupper som politi, sjukepleiarar, barnehagelærarar, grunnskulelærarar og fysioterapeutar har emosjonelle krav langt over snittet. Det er også pleie-og omsorgsarbeidarar, vernepleiarar, sosialarbeidarar og polititilsette som blir mest utsett for vald og truslar, tett følgt av lærarar og sjukepleiarar. Ifølgje ein rapport frå Statens arbeidsmiljøinstitutt har til dømes lærarar på 1. til 10. trinn over fire gonger så høg risiko for å bli utsett for vald og truslar enn andre yrkesgrupper.
– Det er mange utfordringar i arbeidslivet, men det psykososiale arbeidsmiljøet er ein av tinga vi meiner det er særleg viktig å løfte fram og at får meir merksemd. Men sjølv om det det å legge til rette for eit godt arbeidsmiljø stiller ekstra store krav til leiarar, har og tilsette ei såkalla plikt til medverknad. I praksis betyr det at ein arbeidstakar også har ei plikt til sjølv å bidra til eit godt psykosialt arbeidsmiljø, seier Trude Vollheim.