nyhende

FOTO: ARKIV

Kvinne sikta for drapsforsøk

Kvinna i 30-åra som natt til sundag skal ha stukke ein mann på ei privat adresse i Sveio kommune, er sikta for drapsforsøk.

Publisert Sist oppdatert

Det er Bergens Tidende som melder dette. Til avisa opplyser politiadvokat Maret Retland at kvinna no er formelt sikta for drapsforsøk. Ho var først sikta for alvorleg kroppsskade.

Ho stadfestar ttysdag også at dei to involverte er gift med kvarandre.

Kvinna blei framstilt for varetektsfengsling måndag, men retten fann ikkje grunnlag for dette. Politiet har ikkje anka kjenninga.

— Det seier ganske mykje om saka, seier advokat Elisabeth Rød, som forsvarer kvinna til BT.

Den fornærma, ein mann i 30-åra, er innlagt på Stavanger Universtetssjukehus med alvorlege stikkskader.

Begge partar har gitt forklaring til politiet.

— Det var andre til stades på adressa, og me kartlegg kva dei har sett eller høyrd. Desse vitna har ein relasjons til ekteparet, seier Retland til avisa.

Powered by Labrador CMS