nyhende
Kvelden si store hending
Måndag konstituerte det nye kommunestyret seg og ordførarkjedet gjekk frå Linn Therese Erve (Ap) til André Mundal Haukås (H). Han gler seg til å jobba for Sveio, og ho ser fram til å samarbeida med den nye ordføraren.
Det var eit relativt kort kommunestyremøte måndag 2. oktober. I løpet av ein og ein halv time vart makta fredeleg overført frå avtroppande til påtroppande styre, og ei rekke andre avgjersler tekne.
– No tar me eit namneopprop. Det gjer me ikkje vanlegvis, men no er me så mange nye, sa avtroppande ordførar Linn Therese Erve (Ap) til latter frå salen.
Flott utsikt
Erve valde å byrja med påtroppande ordførar, André Mundal Haukås (H). Etterpå vart fritaksøknaden til ein tidlegare gruppeleiar i Ap handsama. Den vart samrøystes vedteke, og 1. vara Tatsiana Kozel rykka dermed fram til å verta fast representant for Arbeidarpartiet.
13 minutt inn i møtet tok Erve ordet for siste gong som ordførar.
– Då er kvelden si store hending komen, sa ho til meir latter.
Erve bad representantane om å røysta ved å reisa seg for å markera overgangen til ny ordførar. Det gjorde alle saman, og applaus braut ut i salen. Haukås og Erve reiste seg og gjennomførte ei overrekking av ordførarkjedet, og så ein god klem. Tidlegare ordførar Erve gav så blomar til ordførar Haukås, som sekundar seinare svara med ein eigen bukett til Erve for hennar gode innsats.
– Men vent, eg må seia nokre ord til, sa Erve.
Ho takka administrasjonen, kollegaer og kommunen for fire flotte år. Så gjekk ho bort til varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp) med ei overrasking.
– Du er jo både avtroppande og veldig sannsynleg påtroppande varaordførar, sa Erve til Eriksen, og begge humra.
Etter meir applaus fekk ordførar Haukås endeleg sett seg ned i stolen for første gong.
– Her var det flott utsikt, sa han til latter.
Lovar konstruktiv opposisjon
Resten av møtet hadde ei god stemning. I pausen fortalte den nye ordføraren at han var nøgd med dagen.
– Det er veldig fint, og mykje å setja seg inn i, sa Haukås.
– Dette er din første politisk valde stilling. Det er ikkje verst?
– Ja, og den første faste, så ikkje verst, nei, svara ordføraren.
Tidlegare ordførar Erve var tilbake blant partikollegaene som vanleg representant.
– Du fekk mykje ros av kommunestyret for din innsats som ordførar. Korleis vert du i opposisjon?
– Eg skal vera ein konstruktiv og rosande politikar som kjem med konstruktiv kritikk, svara Erve.
Dei nye godt i gang
Då møtet tok slutt runda ordførar Haukås av med å visa til den gode stemninga så langt, og at han håpar dei kan halda på den gjennom diskusjon og vidare samarbeid. Det vart godt teken imot av både gamle og nye ansikt, og ikkje minst gamle og nye parti.
MDG og SV fortset frå forrige kommunestyre med ein mandat kvar, men no kvar sine nye representantar, Kjartan Moe Hustvedt (MDG) og Olav Østebø Olsen (SV).
Industri- og næringspartiet (INP) sin førstekandidat Cato Sivertsen hadde forfall og difor møtte vara Tony Andre Stuvik saman med representant Jan Øyvind Gravdal.
Tverrpolitisk Fellesliste (TvF) sine to representantar var også representantar i forrige kommunestyre, Asle Georg Halleraker og John Anders Semb. Dei var begge valde inn for Arbeidarpartiet, men melde seg ut av partiet av ulike årsaker.
Handling føre ord
Halleraker er spent på ein ny periode, og håpar den nye ordføraren held dei avsluttande orda sine.
– Eg ser fram til samarbeid sidan ordførar legg vekt på det i sin tiltredande tale, elles vert det «toskaskap», sa Halleraker etter møtet.
– Kva er øvst på agendaen til TvF som del av opposisjonen?
– Me må få start på bygging av dei store investeringsprosjekta som ligg i økonomiplanen. Eg forventar at posisjon spelar på lag med det, og at det ikkje vert nye rundar med utgreiing og å setja ting på stopp, sa han og la til:
– Me må visa oss handlekraftige.