nyhende

TAv 694 grunnskulelærarstudentar strauk over 30 prosent på dei nasjonale deleksamenane i matematikk i november. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
TAv 694 grunnskulelærarstudentar strauk over 30 prosent på dei nasjonale deleksamenane i matematikk i november.

Kvar tredje lærarstudent strauk på matematikkeksamen

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Meir enn kvar tredje lærarstudent som skal undervise dei minste skulebarna, strauk på den nasjonale deleksamenen i matematikk.

I slutten av november avla 694 grunnskulelærarstudentar på trinn 1–7 og 5–10 kvar sin nasjonale deleksamen i matematikk.

Resultata frå dei to eksamenane viser at det totalt var berre 1 prosent (åtte studentar) som fekk toppkarakteren A, medan strykprosenten var 33 (231 studentar).

Det skriv Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut).

– Det er ikkje bra at så mange lærarstudentar framleis stryk på den nasjonale deleksamenen i matematikk. Men det er positivt at strykprosenten går litt ned hos dei som studerer til grunnskulelærar 5–10 trinn, seier Nokut-direktør Kristin Vinje.

Denne gruppa er studentar som ønskjer å bli mattelærarar i ungdomsskulen. Her viser tala at om lag 20 prosent strauk, mot 22 prosent i november 2020.

Snittkarakteren ligg framleis på E, som betyr at dei berre tilfredsstiller minimumskrava for å stå.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS