nyhende

18 prosent av norske tiandeklassingar hadde i fjor eit fråvær på 20 timar eller meir. Illustrasjonsbilete:

Kvar sjette tiandeklassing har eit fråvær som vekkjer bekymring

18 prosent av norske tiandeklassingar hadde i fjor eit fråvær på 20 timar eller meir. I 2019 var talet under 10 prosent, viser SSB-tal Aftenposten har fått.

Publisert

Førre skuleår var kvar sjette elev borte meir enn 20 dagar det siste året på ungdomsskulen. Det svarer til rundt 12.000 elevar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som Aftenposten har fått utlevert.

Med eit skuleår på 190 dagar, svarer til meir enn 20 dagar borte eit fråvær på over 10 prosent.

I 2019 var andelen norske tiandeklassingar som var borte over 20 dagar under 10 prosent. I fjor hadde andelen auka til 18 prosent – og det er særleg jentene som trekkjer statistikken opp. 20,4 prosent av jentene hadde meir enn 20 fråværsdagen i fjor, medan talet for gutane var 15,5 prosent.

– Det er urovekkjande at skulefråværet er høgt. Fråvær kan påverke den sosiale utviklinga og læringa til eleven og få følgjer seinare i livet, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Regjeringa har bede ei ekspertgruppe om å lage nasjonale faglege råd for å førebyggje og følgje opp urovekkjande fråvær. Desse skal vere klare til sommaren.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS