nyhende

Natur og friluftspolitikk har vorte viktigare i kommunevalet for om lag ein femtedel av veljarane. Her eit dronebilete av Buavåg, kor ein både finn natur og friluftsliv.
Natur og friluftspolitikk har vorte viktigare i kommunevalet for om lag ein femtedel av veljarane. Her eit dronebilete av Buavåg, kor ein både finn natur og friluftsliv.

Kvar femte veljar meiner natur og friluftsliv er viktigare enn før

Ei undersøking viser at kvar femte norske veljar meiner at natur og friluftsliv er viktig for dei når dei skal bestemma seg for kva for parti dei skal stemma på.

Publisert Sist oppdatert

– Friluftslivet har ein spesiell plass i hjarta på nordmenn. Samtidig blir stadig fleire naturområde bygde ned bete for bete, til fordel for vegar, energianlegg, hyttefelt og så vidare.

Det er derfor ikkje overraskande at dette har blitt eit endå viktigare tema for mange, seier generalsekretær Bente Lier i Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.

Ei landsdekkande undersøking frå Ipsos viser at 22 prosent av dei nordmennene som har blitt spurde meiner at natur og friluftsliv er viktigare i år enn tidlegare kommuneval.

Samtidig svarar 42 prosent at dei meiner temaet er like viktig som før, mens 18 prosent meiner det ikkje er viktig verken no, eller ved tidlegare val.

Montreal-avtalen som blei har Noreg, i lag med mange andre land i verda, forplikta seg til å verna 30 prosent av sine hav- og landområde.

– For å oppfylla dette er det behov for ein langt tydelegare nasjonal og lokal naturpolitikk der omsyn til naturen veg mykje tyngre enn det gjer i dag, seier Lier.

Powered by Labrador CMS