nyhende
Kvar femtande sveibu lever med eller har hatt kreft
Laurdag 4. februar markerast verdas kreftdag. Tal frå kreftregisteret viser at om lag ein av femten sveibuar enten har, eller har hatt, kreft.
Laurdag den 4. februar er den offisielle kreftdagen. Over heile verda gjer foreiningar og organisasjonar sitt for å gje merksemd til sjukdomen som råkar så mange.
For mange sveibuar vert det ei påminning om ein sjukdom som pregar kvardagen deira.
Ein av femten
Noreg er eit land der kreftsjukdom er utbreidd. Kreftregisteret er eit institutt ved Oslo Universitetssjukehus, og har sidan 1954 forska på kreft her til lands. Dei fører ein kontinuerlig oversikt på kor mange i Noreg som har sjukdomen.
Tal frå dei ligg eitt år bak nåtid, og tala for Sveio er frå 31.12.2021.
Dei viser at 176 kvinner og 181 menn på det tidspunktet enten var diagnostisert med kreft, eller har vore det tidlegare.
Meir enn 316.000 nordmenn
Samanlangt vert det 357 personar fordelt på ein befolkning på 5.772, noko som vil seie at om lag kvar femtande person i Sveio har personleg røynsle med sjukdommen.
Totalt i befolkninga var det på same tidspunkt heile 316.145 personar som har hatt eller lever med kreft. Det er kvar syttande nordmann.
Kreftregisteret fortel at grunna ein vaksande og aldrande befolkning er det ein viss auke på tilfelle med kreft.
Samstundes er det fleire og fleire som lev lengre med diagnosen enn tidlegare.