nyhende

Kvar er holet?

Vestavindflaska har vore på tur og oppdaga nye hol i Sveio. Sjå om du finn ut kvar holet er.

Publisert Sist oppdatert

I fjor hadde Vestavind ei spalte kor me dokumenterte hol i vegane i kommunen. Ved kvart hol undersøkte me kva som fekk plass i holet, ein penn eller ei flaske.

I løpet av haust, vinter og vår har både frost og regn gjort sitt arbeid på vegane. Me har difor funne enda fleire hol som lesarane kan gjetta kvar det er.

Denne vekas hol er veldig rundt, men sjølve asfalten er ikkje broten skikkeleg, så det minnar litt om ei suppeskål. Holet har eit litt mindre sysken rett ved sidan av.

Klarar du å gjetta kvar holet er? Har du ein favoritt og/eller ein versting? Send oss bilete av holet til tips@vestavind-sveio.no og skriv kvar det er!

Powered by Labrador CMS