nyhende

Blant dei nominerte vegane så langt er Ålfjordvegen. Alle som sender inn ein nominasjon, er med i trekninga av ei Sveio-flaske. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
Blant dei nominerte vegane så langt er Ålfjordvegen. Alle som sender inn ein nominasjon, er med i trekninga av ei Sveio-flaske.

Kvar er den verste vegen i Sveio?

Vestavind ønsker å finna ut kva veg i Sveio lesarane meiner er den verste. Det har kome inn ei rekke forslag, men du har framleis litt tid til å sende inn din kandidat før fristen går ut.

Publisert Sist oppdatert

Korleis sende inn:

Forslag kan sendast til: tips@vestavind-sveio.no

Eller du kan kommentere i kommentarfeltet på Facebook-saka.

Invitasjonen til lesarane våre starta 10. oktober, og det har alt kome inn rundt 30 forslag så langt. Sjå dei ulike kandidatane lenger nede i saka.

Slik deltar du:

Me ønsker framleis fleire innspel, og alle vegar i Sveio kan nominerast, anten det er fylkesveg, kommunal veg eller europaveg. Du kan også nominere ein veg som allereie er føreslått.

Send oss gjerne eit bilede og ei kort grunngjeving for kvifor du meiner vegen fortener tittelen som den verste. Har du ei god historie, tek vi gjerne den også.

Frist og premie:

Fristen for å senda inn forslag er fredag 14. november.

«Vinnaren» blir vegen som får flest nominasjonar. Vi trekker også ut ein innsendar som får ei Sveio-flaske.

Her er vegane som er nominerte så langt:

  • Eidsvågvegen
  • Straumavegen
  • Paddevegen
  • Gullvegen
  • Grimstveitvegen
  • Halseidvegen
  • Tjernagelvegen
  • Ålfjordvegen
  • Tveitevegen
  • Øklandsvegen
  • Liereidvegen
Powered by Labrador CMS