nyhende

Illustrasjonsfoto: Bua bygdalag.

Kvar er den verste vegen i Sveio?

8. oktober kåra Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV) dei dårlegaste fylkesvegane i Noreg. Blant dei 10 finalistane var det to frå Vestland. Ingen av dei i Sveio. No treng Vestavind lesarane si hjelp.

Publisert Sist oppdatert

Me oppfordrar lesarane til å nominera dårlege vegar i Sveio, anten det er fylkesveg, kommunal veg eller europaveg. Alle vegar er med i konkurransen så lenge dei ligg innanfor kommunegrensa.

Kort grunngiving

Send oss gjerne eit bilde i tillegg til ei kort grunngiving for kvifor du meiner dette er den dårlegaste vegen. Dersom det ligg ei historie bak forslaget, vil me gjerne høyra den også.

«Vinnaren» blir vegen som får flest nominasjonar. Fristen for å senda inn forslag er 14. november.

Me trekker ut ein av innsendarane som får ei Sveio-flaske. Alle som sender forslag, er automatisk med i trekninga.

Forslaga kan sendast til: tips@vestavind-sveio.no

Eller du kan kommentere i kommentarfeltet på Facebook-saka.

Dei nasjonalt nominerte vegane

Her er dei nasjonale finalistane, og øvst vinnaren frå OFV si kåring.

Akershus: Fv. 33 Feiring

Østfold: Fv. 1178 Gunnarstorp–Karlsøy

Innlandet: Fv. 2434 Vest–Torprunden

Innlandet: Fv. 2158 Valmen–Sjøenden

Vestland: Fv. 49 Steinsdalen–Eikedalen

Vestland: Fv. 615 Storebru–Sandane

Trøndelag: Fv. 776 Hofles–Romstad

Trøndelag/Nordland: Fv. 17 Kystriksveien Asp–Lødingen

Troms: Fv. 7768 Tromvik–Henriksvik

Finnmark: Fv. 8850 Hesseng–Nyrud

Powered by Labrador CMS