nyhende

Høgt smittepress i Sveio:

Kommunalsjef Ingunn Toft trur Sveio er inne i ein smittetopp denne og neste veke. Bildet er frå tidlegare vaksinering på Vigdartun.ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Kommunalsjef Ingunn Toft trur Sveio er inne i ein smittetopp denne og neste veke. Bildet er frå tidlegare vaksinering på Vigdartun.

Kvar 14. innbyggar er koronasmitta

Smittepresset er høgare enn nokon gong før i Sveio kommune.

Publisert Sist oppdatert

407 personar, omtrent kvar 14. innbyggjar, var registrert koronasmitta i Sveio kommune sist veke.

— Me har smitte i alle einingane våre. Det er smitte på sjukeheimen og blant brukarar både i habilitetstenesta og i heimetesta, seier kommunalsjef for helse og omsorg Ingunn Toft i Sveio kommune.

Ikkje berre korona

Og det er ikkje berre pandemien som herjar i kommunen for tida.

— Det er også anna luftvegssjukdomar og omgangssjuke som går no, så med merkar eit høgt press no, seier ho.

Like fullt har Sveio kommune makta å holde alle tenest sine oppe denne veka.

— Det har nok samanheng med den nye KS-avtalen som sikrar dei tilsette 200 prosent overtidsbetalt, seier ho.

Men Toft legger til at også den ordninga har ei grense.

— Mange tilsette er slitne, og mange har ein krevjande arbeidssituasjon, seier ho.

Toft seier at ho sjølv trur at Sveio er inne i ein smittetopp denne veka, og at den kan vare ut neste veke.

— Eg håpar eg har rett i det, seier ho.

Denne veka er det vinterferie i skulen, noko ein håpar kan bidra til å dempe smittepresset noko.

Alt opent tysdag

Sist veke stengte barnehagen ved Valestrand oppvekstsenter i to dagar, og også dagsenteret i Sveio har vore stengt tidlegare, men per tysdag denne veka var alle kommunale tilbod i drift som vanleg.

— Det gjerast fortløpande driftsvurderingar ut frå smittesituasjonen, opplyser ordførar Linn Therese Erve (Ap) til Vestavind.

Powered by Labrador CMS