nyhende
Kva skjer når me resirkulerer feil?
Kva skal, og kva skal ikkje, resirkulerast? Me følgjer etter glasemballasjen på leiting etter svar.
– Ein gong fann me 12 kalkunar, fortel Gunhild Solberg.
Ho jobbar i verksemda Sirkel som driv gjenvinningsanlegg i Fredrikstad. Her kjem all glas- og metallemballasje som vert samla inn i Noreg – og altså ein heil del ting som ikkje er glas- og metallemballasje.
Alt som knuser er ikkje glas
Kvar einaste lastebil vert kontrollert. Viss eit lass inneheld for mykje som ikkje er emballasje, får kommunane og renovasjonsselskapa mindre betalt. Og det hjelper altså ikkje at det er glas og metall, viss det ikkje er emballasje.
Når det gjeld glas, metall og plast er det emballasje som skal resirkulerast – ikkje noko anna. Det betyr innpakning og behaldarar som du kjøper mat, drikke og andre produkt i. Altså leverposteiboksar, vinflasker og sjampoflasker. Men ikkje ei eldfast form eller ei bøtte.
Det er fleire grunnar til at me berre resirkulerer emballasje. Glas- og plastgjenstandar kan innehalda andre stoff.
– Nokre utanlandske produsentar nyttar framleis bly i drikkeglas, til dømes, fortel Solberg.
I tillegg er det emballasjeprodusentane og importørane som betaler for resirkulering av emballasje. Dei er ikkje interesserte i å betala for at andre ting skal resirkulerast.
Fleire ønskjer å endra desse reglane, så det er ikkje umogleg at me kan resirkulera fleire ting i framtida, men førebels skal altså leiketraktoren og den knuste spegelen i restavfall.
Det skal òg keramikk. Det vil seia koppar og fat til dømes. Sirkel har ein eigen haug for all keramikken dei sorterer ut.
– Det er nok mange som tenkjer at fordi det kan knusa, så er det glas, seier Solberg.
Prosessen kan byrja – eller stoppa
Når lastebilane har vorte kontrollerte hamnar bosset i ein haug utanfor anlegget. No og då hentar ein hjullastar eit lass og fraktar det til samlebandet. Herfrå går alt stort sett automatisk.
Første stopp er ein magnet som sorterer ut metallet.
– Store metallgjenstandar er det me har mest problem med, seier Solberg.
Sjølv om lastebilane har vorte kontrollerte, er det ingen som har sortert bosset etter at du heiv det i dunken. Det betyr at feilsorterte ting kan gjera skade på anlegget. Det skjer jamleg at metallstenger, felgar og andre store gjenstandar kiler seg fast, eller riv opp bandet. Då kan ein måtta stoppa heile anlegget i fleire timar for å få fiksa det.
Det same kan skje viss tråd, band eller leidningar hamnar i resirkuleringsdunkane. Det set seg fast i tannhjula. Derfor skal aldri vaierar, fiskesnøre eller vedsekkar i resirkuleringsdunkane.
Tina Skudal i renovasjonselskapet BIR fortel at eit anna problem er bursdagskorta som spelar musikk. Desse inneheld eit batteri som lett tar fyr viss det hamnar i papirbosset.
Menneska
Etter at magneten har tatt seg av metallet, går glaset vidare. Neste stasjon inkluderer to heilt ekte menneske. Dei plukkar ut mest mogleg av det som ikkje skal vera der. Det er delvis for deira del at du skal tømma emballasjen før du sorterer han. Det er ikkje spesielt kjekt, eller spesielt hygienisk, å måtta ta på gamle matrestar.
Men kor rein skal emballasjen eigentleg vera?
– Glas- og metallemballasjen skal først og fremst vera tom, seier Solberg. Tøm ut resten av vinen eller tomatsausen, det er det viktigaste. Du kan godt skylja emballasjen i kaldt vatn òg, men det er ingen grunn til å vaska. Du treng heller ikkje å fjerna etiketten, og det er berre å la lokket vera på.
For plastemballasjen er det litt strengare. Ein god regel er at det ikkje skal vera synlege mat- eller produktrestar. Skudal seier at du godt kan bruka kaldt vatn og oppvaskkost. Viss du har plast som er så skitten at det er nødvendig med varmt vatn, er det betre å hiva han i restavfallet.
Virvelstraumsmagnetar og svenskehandel
Glaset forlét menneska og held fram på ferda. No tar samlebandet det opp i sjette etasje i eit heilt nytt bygg. Før det byrjar på den lange vegen ned igjennom etasjane vert det ikkje-magnetiske metallet – i praksis aluminium – sortert ut av ein virvelstraumsmagnet.
Aluminium er eit sympatisk material; han må berre sorterast ut og så er han klar til å brukast på nytt. Men det gjeld berre viss det er rein aluminium. Ein del emballasje er laga av ei blanding mellom aluminium og plast, eller papir og plast. Det gjeld til dømes mange kaffiposar, chipsposar og likande – dei posane som har ein tekstur på innsida og ein på utsida. Her er to material smelta saman, og desse kan ikkje resirkulerast. Dei skal i restavfallet.
Kvalitetssjekken
Men tilbake til glaset. No byrjar vegen nedover i etasjane og igjennom maskinene. Glaset vert tørka og rista for å fjerna matrestar. Det vert knust og sortert etter størrelse. Maskiner lyser igjennom kvart enkelt glasskår og sorterer etter farge. Heilt til slutt dett dei ferdigsorterte glasskåra ned i ulike haugar. Ein for blankt glas, ein for brunt, og ein for andre fargar. Dette glaset er klart for å verta brukt på ny.
Det vil seia – viss det er av god nok kvalitet. I eit tonn ferdigsortert glas kan det ikkje vera meir enn 5 gram metall, eller 20 gram keramikk eller porselen.
– Det betyr at viss ein enkel hank frå ein kopp har forvilla seg inn i glashaugen, kan det henda han ikkje vert godkjent. Då vil gjerne kjøparen ikkje ha glaset, eller det må seljast for ein lågare pris.
Det ferdige materiale vert dårlegare viss det er blanda med noko som ikkje høyrer heime der eller som er av dårleg kvalitet. Det gjeld ikkje berre for glas, men òg papir. Derfor skal tørkepapir, serviettar, papptallerkar og kvitteringar ikkje i papirdunken. Papirfibrane er for dårlege. Gåvepapir er òg for dårleg kvalitet, og det er smurt inn med «all slags drit», seier Skudal. Òg eggekartongar bør kastast i restavfallet. Dei er gjennomfarga, og må bleikast viss dei skal kunna resirkulerast.
Glaset skal ut i verda
Dei tre haugane med glas skal ut av landet. Det finst ingen glasverk som smelter om glas i Noreg. I staden vert glaset frakta i båt nedover i Europa. Etterspurnaden har auka etter at straumprisane vart høgare, fortel Gunhild Solberg. Det er mindre energikrevjande å smelta resirkulert glas.
Men sjølv om glaset skal ut i verda er det ikkje usannsynleg at det kjem tilbake. Heile 95 prosent av alle glasflasker i Noreg vert resirkulerte. Og glas kan resirkulerast på nytt og på nytt, i det uendelege.