Julepynta fasadar er for mange eit kjærkome lyspunkt i mørketida, og den siste veka ser det ut til at mange sveibuar har funne fram glitrande lys og pynta hus og hage. Det er nok ikkje det største problemet her med så spreidd busetnad, men er det lov til å klaga?
Viss julebelysninga er til urimeleg sjenanse kan ein gjera det, meiner advokat i NBBL, Line C.B. Bjerkek. Ho tilrår å først ta ein prat med den aktuelle naboen dersom du plagast av lys eller støy.
– Prøv først med ei vennleg oppfordring om å sløkka lysa til eit fast tidspunkt på kvelden, som bør vera vanleg leggetid for folk flest. Bur du i privat einebustad er det vanskelegare å få medhald i klagar på naboens julebelysning. Nabolovens paragraf 2 slår rett nok fast at ingen må gjera noko som er til urimeleg skade for naboen.
– Det er nærleiken til naboen som tel her. Det skal mykje til for at denne paragrafen skal gjelda for julelys. Med god plass mellom husa, så skal det mykje til for at dette skal opplevast som ei urimeleg plage for naboen, avsluttar Bjerkek.