Den nye dagsturhytta har tatt plass i Sveio golfpark. På lik linje med Nipaståvo, treng den også eit namn, og konkurranse tilsvarande hytta i Auklandshamn vil bli lyst ut, lovar Marit Persen Liknes i Sveio kommune.
– Om nokon har gode forslag, kan ein senda dei til Sveio kommune, seier ordførar Linn Therese Erve, som oppmodar folk til å setja i gong tankeprosessen.