nyhende
Kva gjer eigentleg biskopen på ein visitas?
Vestavind har fått følgja biskop i Bjørgvin Ragnhild Jepsen gjennom delar av den historiske bispevisitasen i Sveio. I kveld reiser biskopen heim, men kjem tilbake søndag for å halda visitasgudsteneste.
Visitasen starta onsdag morgon, og første del av det mangfaldige programmet var nattverdsgudsteneste for staben i Sveio kyrkje.
Høgtid, glede og litt spenning prega dei tilsette, men biskopen i Bjørgvin viste seg raskt å vera ei som møter folk på ein open og interessert måte.
Andakt på omsorgssenteret
Det gjekk igjen gjennom heile dagen. Gode møter med menneske, der me gong etter gong opplevde at dei etter kvart mange som fekk helsa på biskopen kjende seg sett og sett pris på.
Stabsmøte og samtale med prest var naturleg nok ikke ope for pressa, så neste stopp blei formiddagsandakt på Sveio omsorgssenter. I si helsing trekte biskopen fram at dei som var der var historiske sidan det var første staden ho besøkte, og ho song også solo ei samle: «Kilden». Andakten blei avslutta med applaus, kaffi og prat rundt borda.
Køyrde gravemaskin
Det kyrkjelege har naturleg nok stort fokus under visitasen, men biskop Jepsen ønsker å bli kjent med heile Sveio. Birkeland på Ekrene tok imot til bedriftsbesøk, og hadde ei imponerande historie å fortelja det interesserte følget. Sidan dei flytta frå Karmøy til Sveio, har dei bidrege til rundt 80 eigne arbeidsplassar i Sveio, og 40 andre knytt til firma dei er medeigar i eller samarbeider med.
Så kom dagens store overrasking: Biskopen skulle få køyra hjullastar og gravemaskin. Den store hjullastaren sat ho på med, men gravemaskina fekk ho køyra sjølv med ei kjapp innføring og instruksjonar av dagleg leiar Kai Peder Birkeland.
– Dette gjekk jo kjempebra! Du hadde stødige og lette bevegelsar, skrytte Birkeland.
– Det er nok fordi eg har spelt mykje Playstation med sonen min, repliserte Jepsen.
Ryvarden og Sleipner-forliset
Regnet heldt seg stor sett unna, men det bles godt då følget kom til Ryvarden. Der blei det servert både fiskesuppe, nordlandslefse, historia til både Ryvarden, namnet til Vigdarvatnet og korleis Island blei heitande Island.
I år er det 25 år sidan Sleipner-forliset, og det var også samtaleemne rundt bordet. Besøket på Ryvarden blei avslutta med ein stille tur ut til minnesteinen og monumentet.
Der takka også redaktøren for følget, men dagen til biskopen var langt frå over. Om kvelden venta ei stor kulturmønstring i Valestrand kyrkje. Sjå eiga sak:
Prostidag og skulebesøk
Torsdagen var den store prostidagen etter samtale med kyrkjoverja og møte med kommunen. Første del med stabane i Sunnhordland. Deretter middag og samling med sokneråda i Sunnhordland før dagen blir avslutta med prostigudsteneste i Sveio kyrkje.
Fredagen starta med samtale med prest. Deretter var det skulebesøk ved Sveio skule. Biskopen møtte alle elevane i fire rundar i auditoriet i Vigdartun. Biskopen heldt innlegg og elevane fekk stilla spørsmål.
Formiddagen på skulen blei avslutta med lunsjmøte med rektor og lærarane før kursen blei sett mot Førde og Gjenbruksløa.
Markering og bursdagskake
Gjenbruksløa, eller berre Løa, er 10 år i år og har vore eit stort bidrag til å betra økonomien til kyrkjelydane i Sveio med blant anna nedbetalt soknehus. No går pengane til eit prosjekt i regi av Det norske misjonsselskap i Pakistan, til diakoniprosjekt og andre gode prosjekt i kyrkjelydane.
Biskopen sa i si helsing at ho er svært imponert over kva kyrkjelydane har fått til med Gjenbruksløa. Ho fortalde at ho hadde følgd med på Facebook-sida sidan 2014, og at ho hadde handla der. I bispegarden på Landås heng det ei lampe over stovebordet som er kjøpt på Gjenbruksløa.
I helsinga trekte ho også fram fire verdiar ho ser Løa gir: gjenbruk, gir ting ny verdi, dugnad og at ting blir verkeleggjort. Som Soknehuset og misjonsprosjeketet i Pakistan.
Visitasgudsteneste og visitasforedrag
Dagen var ikkje over med det. Klokka 15.30 var det samtale med soknerådsleiarane, deretter samrådingsmøte med sokneråda. Først klokka 19.00 er det planlagt at biskopen skal setta kursen for Bergen.
Men bispevisitasen er ikkje over. Laurdagen skal biskopen bruka til å førebu visitasgudstenesta i Sveio kyrkje søndag. Og ikkje minst biskopen sitt visitasforedrag som ho legg fram under kyrkjekaffien i Soknehuset etter gudstenesta.
Det er nok mange som ser fram til å høyra korleis Ragnhild Jepsen har opplevd dei tre første dagane i Sveio, og kva råd ho har til vidare arbeid for kyrkja i Sveio.