nyhende
Kuttar i opningstidene
Joker Førde kuttar 11 timar opningstid i veka for kome høge straumrekningar i møte. Dei oppmodar også folk til å handle meir lokalt, etter å ha opplevd svikt i omsetnaden i det siste.
Det melder innehavar Francisco Munoz i ei melding på butikken si Facebook-side tysdag kveld.
Store utfordringar
I meldinga gir han uttrykk for at også nærbutikken i Førde opplev høge strekningar, slik drivarabe ved også nærbutikkane i Valevåg og Auklandshamn har gitt uttrykk for den siste tida.
— Me har også store utfordringar med høge straumrekningar, skriv han.
Då omsetnaden heller ikkje er der dei skulle ynskja, har dei no vedteke å endra opningstidene, skriv han.
Butikken har per i dag opent ni timar på dei fleste vekedagane, dette blir frå neste veke redusert til sju. Fredag blir det berre éin time kortare opningstid. Laurdagen blir kutta med to timar.
Oppmodar til lokal handel
— Me håpar og trur at det vil retta seg etter kvart, og at me skal tilbake til normalen. Straumstøtte er enno ikkje på plass. Difor er det naudsynt å gjere dette tiltaket, skriv han i meldinga.
I meldinga legger han til at det no også er særs viktig at alle tenkjer over kor dei gjere sine daglege innkjøp.
Dei offentlege rekneskapsstala til driftsselskapet bak Joker-butikken, Førde Dagligvare AS, viser også ein tydeleg svikt i omsetnaden. Omsetnaden fell med om lag 900.000 kroner frå toppåret 2020 til 2021. I fjor omsette selskapet for 14,8 millionar.
Og det som var eit hyggeleg overskot på 456.000 i 2020, vart erstatta med eit driftsunderskot på nesten 280.000 kroner i fjor.
Førde Dagligvare AS er heileigd av Munoz Holding AS, kor Franscisco Munoz er eineaksjonær.