nyhende

Mykje skjer for forfattaren Agnes Ravatn for tida, med nominasjon og kunstnarstipend. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
Mykje skjer for forfattaren Agnes Ravatn for tida, med nominasjon og kunstnarstipend.

Kunstnarstipend til Agnes Ravatn

Forfattaren Agnes Ravatn er blant dei 25 kunstnarane i Vestland som no får tildelt kunstnarstipend på 50.000 kroner frå fylkeskommunen.

Publisert Sist oppdatert

Ravatn er for tida aktuell med den nye boka «Doggerland» som vart gjeven ut i oktober. No får ho og 24 andre kunstnarar i fylket eit kunstnarstipend på 50.000 kroner. Ravatn er tildelt kunstnarstipend i kategorien litteratur og film.

Ifølgje Vestland fylkeskommune sine eigen nettstad er stipendet meint å gje profesjonelle kunstnarar, både nyutdanna og etablerte, høve til utvikling, fordjuping eller fagleg påfyll.

Det er fem ulike fagkomitear som har kome med innstillingane til tildelingane.

Forøvrig var boka «Doggerland» nyleg nominert til Bokhandlerprisen for 2025, som vart vunnen av forfattaren Åsne Seierstad med boka «Ufred», som tek lesarane inn i dagens Russland og tronge rammer for ytringsfridom.

Boka ligg an til å bli ei av årets mest selde. Det er andre gong Seierstad får den prestisjetunge prisen. Første gong var i 2002 med «Bokhandleren i Kabul».

Powered by Labrador CMS