nyhende

Oakland-gründer Helge Eikeland har vakse opp med ein far som var storseljar av ekte juletre. Erfaringa med vakre tre har han brukt i design av eksklusive plasttre. Her er han ute i (den ekte) skogen med eit par av plasttrea som Oakland har designa. Foto: Privat
Oakland-gründer Helge Eikeland har vakse opp med ein far som var storseljar av ekte juletre. Erfaringa med vakre tre har han brukt i design av eksklusive plasttre. Her er han ute i (den ekte) skogen med eit par av plasttrea som Oakland har designa.

Kunstige juletre sel som aldri før

Nordmenn hentar stadig fleire juletre inn i heimen, men det grøne, glitrande treng ikkje lukte skog. Plastjuletre-aktørane melder om salsvekst på opptil 50 prosent.

Publisert Sist oppdatert
– Det stigande salet av plastjuletre har vore eksplosivt, seier gründer og dagleg leiar av den norske møbelkjeda Oakland, Helge Eikeland.

Han trur at 70 prosent av norske husstandar vil ha plasttre om få år. Møbelkjeda har lagt vekt på å designe juletre som er særleg naturtru.

– For ti år sidan hadde ingen kunstige tre, og det var berre dei med allergi som ville ha plasttre. I dag estimerer me at i alle fall 50 prosent av dei som har juletre, har eit kunstig tre, seier han.

Tydeleg trend

Plantasjen gjev årleg ut rapporten Plantetrender, ei forbrukarundersøking som også inkluderer juletrendar. Den viser at tre av fire nordmenn planlegg å ha juletre i år og at det er fleire som vel eit kunstig tre framfor eit ekte.

Alle plastjuletreaktørane som Nynorsk pressekontor har snakka med, fortel om auka sal av kunstige tre.

Hageland hevdar dei er den leverandøren som har størst utval av kunstige tre i Noreg. Dei har hatt problem med transporten av trea frå Asia i år, men melder om god etterspurnad.

– Enno ligg me litt bak på faktiske tal, men etterspurnaden er god, og no sel me svært godt, fortel dagleg leiar Øyvind Krohn, som er klar på at dei sel stadig fleire kunstige tre.

Det same melder Clas Ohlson.

– Det har auka jamt og trutt dei siste åra. Me sel juletre tidlegare og tidlegare og merkar også at fleire går for dei dyrare plasttrea, seier pressekontakt Camilla Tully.

Folk vil ha større tre

På Jernia ser dei at det er ein trend at folk vil ha større, tette plasttre, og salet aukar kvart år.

– Dei siste åra har salstala på plasttre auka med 10, 12 og 15 prosent, seier administrerande direktør Espen Karlson, men påpeikar at det framleis er ekte tre som sel mest hos dei.

Han trur forholdet mellom salet av ekte tre og kunstige er om lag 60–40.

Kunstige juletre kan ein også kjøpe på nett. Internett-betalingsløysinga Klarna stadfestar at salet går bratt oppover.

– Berre i desember har salet av kunstige juletre på nett auka med heile 26 prosent, samanlikna med same periode i fjor, fortel marknadsdirektør i Klarna Norge, Thomas Elvestad.

På kostnad av ekte tre?

I Norsk juletre, ein organisasjon for produsentar av juletre, har dei merka seg at salet av kunstige tre går opp.

– Det svingar litt opp og ned. Men grafen går feil veg, seier styreleiar Knut Olav Skrindo.

Dei fleste medlemmene i organisasjonen melder likevel om auka sal av ekte tre. Det kan skuldast at importen av juletre minkar og at enkeltbønder i mindre grad driv med småsal frå garden sin.

Det er også slik at me får fleire husstandar i Noreg. Fleire og fleire bur åleine og såleis vert det fleire bustadar å fylle med det grøne, glitrande treet.

Fleire av dei NPK snakkar med, trur i tillegg at nordmenn kjøper fleire juletre i dag enn før.

– Me sel mykje ekte tre til utandørs bruk og plast til hytta. Og så vil mange ha små tre på barnerommet og eitt i gangen, i tillegg til hovudtreet, seier Øyvind Krohn i Hageland.

Inga «stygg» side

Plantasjens plantetrend-rapport viser at når nordmenn skal velje juletre, er dei opptekne av dette: at det ikkje drysser for mykje, at det ser fint ut og at det er verdt prisen.

Her kan eit kunstig juletre skåre høgt. Det drysser ikkje, du kan velje farge og form etter eigen smak, og det har garantert jamt med greiner heile vegen rundt, så du slepp å gøyme den stygge sida inn mot veggen.

I tillegg er sjansen god for at du har tent inn det du ville gitt for eit ekte tre på nokre få år, sjølvsagt avhengig av kva prisklasse du går for.

– I Noreg er folk opptekne av at treet skal vere fint og er villige til å betale for eksklusivitet. Treet skal vere finast, ikkje billegast, seier Helge Eikeland i Oakland, som har vore med å utvikle kunstige juletre av høy kvalitet og eit naturtru utsjånad med støypte barnåler.

– Alle har ei dårleg side, men ikkje i jula, legg han humoristisk til.

Lukt, atmosfære og tradisjon

Skridno i Norsk juletre er likevel trygg på at kunstige tre aldri vil ta heilt over norske stover.

– Det er altfor mange som vil ha eit ekte tre i stova si. Det handlar om lukt, atmosfære og tradisjonar.

Han trur også at miljøaspektet vil leie mange til det ekte treet.

– Eg har lita tru på at folk beheld plasttreet sitt i 20 år. Eit naturleg tre går tilbake i kretslaupet, det trur eg vil vege tungt for mange

Utvalet av kunstige tre vert betre for kvart år og stadig fleire nordmenn vil ha dei i stovene sine.
Styreleiar i organisasjonen Norsk juletre, Knut Olav Skrindo, sel sjølv tre frå om lag 20 utsalsstader og trur at mange nordmenn vil føretrekkje det ekte treet også framover. – Det handlar om lukt, atmosfære og tradisjonar.
Powered by Labrador CMS