nyhende
Kunnskapsministeren: – Ein treng ikkje smarttelefon
77 skular i Noreg droppar smarttelefon før ungdomsskulen. No er både statsministeren og kunnskapsministeren også skeptiske til smarttelefonar for dei yngste.
Ved 77 skular i Noreg har det lokale foreldreutvalet (FAU) gjort eit vedtak om at barna på skulen deira ikkje skal ha smarttelefon innan 2030. Det viser ei oppteljing Nationen har gjort. Tala er baserte på grasrotinitiativet Smarttelefonfri barndom.
– Nokre har skilde foreldre. Det kan også vere ein vanskeleg familiesituasjon med ein sjukdomshistorikk som tilseier at barnet kan ha behov for det. Men då går det an å ha ein dumb phone. Ein treng ikkje smarttelefon. Det er vel tilråding nok, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Ein såkalla dumb phone – også kalla trykkjetelefon – har trykktastar som manglar internett. Den kan derfor berre brukast til å ringe og sende tekstmeldingar med.
Ved 137 skular har også éin eller fleire foreldre engasjert seg i at barneskulebarna skal vente med den første smarttelefonen.
Også statsminister Jonas Gahr Støre er skeptisk.
– Eg meiner foreldre bør tenkje grundig gjennom når dei gir smarttelefon, seier statsministeren og understrekar samtidig at han ikkje vil ha ei meining på vegner av alle.