nyhende
— Kunne vore meir sykkel- og gangstiar
Heidrun frå Kvednaneset er gjest i «Hei, sveibu!» denne veka.
— Kva gjer du til dagleg?
— Til dagleg jobbar eg innan helse og omsorg i Karmøy kommune.
— Kva er det beste med å vera sveibu?
— Det å bu i landlege omgjevnadar, samtidig som det er liten avstand til byen.
— Er det noko du saknar i Sveio?
Annonse
— Kunne vore meir sykkel- og gangstiar på trafikkerte veier.
— Kva er ditt beste Sveio-minne?
— Fine turar i flotte omgjevnadar.
— Kven i Sveio vil du framsnakke, og kvifor?
Annonse
— Eldsjeler ved Sveio soknehus, for eksempel Aslaug og Trygve Kinn som er positive og stiller opp trass sin høge alder.