nyhende
Kunne sjå hoppet til ektemannen i formue
Erna Solberg (H) kunne på si eiga skattemelding sjå formuen til ektemannen vekse i åra ho var statsminister. På to år steig den med over 2 millionar kroner.
– Eg må seie at eg på det tidspunktet ikkje har reagert eller sett på det, har Solberg tidlegare sagt til NTB.
Høgre-leiaren og ektemannen lét torsdag media få sjå på skattemeldingane deira i perioden då ho var statsminister, frå 2013 til 2021.
Solberg har tidlegare anslått at ektemannen Sindre Finnes har tent 1,8 millionar på kjøp og sal av aksjar medan ho var statsminister. Dei to har felles økonomi.
Auka med millionbeløp
Første år Solberg kunne sjå formuen til ektemannen på skattemeldinga, var i 2017 (på grunn av regelendringar). Då hadde han formue på 6 millionar.
I 2018 hadde han ein formue 5,8 millionar, medan den steig til 6,48 millionar i 2019 og 7,91 millionar i 2020, ifølgje informasjonen Solberg kunne lese på skattemeldinga si.
I 2021 hadde formuen til ektemannen stige til 9,359 millionar kroner. Frå 2020 til 2021 hadde rett nok gjelda til Finnes også auka med cirka 1 million kroner.
Solberg: – Kunne stilt spørsmål
Formuen Solberg kunne sjå på skattemeldinga til ektemannen, inkluderer alle eigedelar, blant dei bankinnskot, bustad, bil og båt.
Dermed kunne ikkje Solberg lese direkte ut frå si eiga skattemelding kva aksjegevinstar ektemannen hadde. Men ved å samanlikne skattemeldingane frå år til år, kunne ho sjå formuen hans auke.
Solberg har tidlegare forklart til NTB at skattemeldinga hennar spesielt i 2020 viste eit større hopp i formuen hos ektemannen enn deira felles økonomi skulle tilseie.
– Det kunne eg sjølvsagt sett spørsmålsteikn ved, men eg hadde ikkje noko grunnlag for å stille spørsmål basert på det akkurat på det tidspunktet, forklarte ho.
Totalformue på 17,7 millionar
Den tidlegare statsministeren har vist til at det var mykje som skjedde i den perioden.
– Eg trur eg har sendt skattemeldinga mi litt som ein gjer når ein har ei noko forenkla skattemelding. Eg sjekka at mine data var rette og sende ho inn i ei tid der vi behandla korona og var på veg inn i ein valkamp og anna, sa Solberg til NTB førre veke.
Skattemeldinga for 2021 viser at Erna Solbergs og Sindre Finnes felles formue var på 17,7 millionar kroner. Til samanlikning var den felles formuen på 13,9 i 2017. Dette inkluderer også til dømes bustadformue.
Verdsetjingsrabatt
Det var regelendringar gjennomført av nettopp Solberg-regjeringa som førte til at Sindre Finnes» formue dukka opp på Solbergs skattemelding frå 2017 av.
Dei innførte nemleg ein verdsetjingsrabatt på aksjar, som gav frådrag på skatten – og reduksjon i frådrag på til dømes felles gjeld.
Dermed vart det mogleg å sjå den totale formuen til ektefellen på eiga skattemelding i tilfelle der ein eig aksjar eller har gjeld.