nyhende

Kulturskulen sin avslutningskonsert – varslar spanande tilbod neste skuleår

Kulturskulen heldt onsdag avslutningskonsert kor elevane fekk slå seg laus på instrumenta. Etter sommaren er dei tilbake, og då lovar dei eit heilt nytt tilbod. – Perfekt for dei med ein indre Alan Walker eller Kygo, seier lærar Martin Nondal Mason.

Publisert Sist oppdatert

Det har vore eit år mykje læring og musikk for kulturskulen i Sveio.

På nyåret byrja dei å undervisa i Suzuki-metoden, noko som kombinerer å «leika» seg til å meistre instrumentet. Instruktør Mari Hauglum Bermingrud har tidlegare beskrive metoden som å læra seg å spela på same måte som ein lærar seg å snakka.

Mange ulike instrument

Onsdag kveld feira dei året med ein avslutningskonsert for dette skuleåret.

– Elevane framførte musikk på trompet, horn, piano, gitar og bass, fortel lærar Martin Nondal Mason i kulturskulen.

Sjølve musikken var godt og blanda, kor ein fekk høyra alt frå «Love me tender» av Elvis til filmmusikk og barnesongar. Det var ei god oppvising, og Mason fortel at dei ser fram til å halda fram med kulturskulen etter sommaren, då med noko heilt nytt.

Musikkproduksjon

– Kulturskulen kjem til å tilby undervising i musikkproduksjon, kor ein kan læra å komponera og produsera musikk på datamaskina. Perfekt for den som har ein indre Alan Walker eller Kygo, seier han.

Som vanleg vert også gitar, bass, piano, band, messinginstrument og dans noko ein kan melda seg på.

– Me har ledige plassar for neste skuleår, så det er berre å melda seg på om ein er interessert, seier Mason og viser til påmeldinga via kommunen si nettside.

Powered by Labrador CMS