nyhende

Frå den grønmåla benken kan ein nyta vakker utsikt over fjorden.Foto: Irene Mæland Haraldsen/Grannar
Frå den grønmåla benken kan ein nyta vakker utsikt over fjorden.

Kulturhistorisk vandring gjennom vakker natur

Ein spasertur langs Kulturstien på Bjoa byr på ei unik vandring gjennom vakker krattskog, over glatte svaberg, forbi interessante fortidsminne og med ei idyllisk utsikt over fjorden som prikken over i-en.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne sak er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

Kulturstien på Utbjoa er ein populær sti som er mykje brukt både av fastbuande og hyttefolk. Den tre kilometer lange turstien startar og endar opp like ved kaien på Utbjoa og byr på flotte naturopplevingar og ei interessant tidsreise frå steinalder til nåtid. Noko av det første turgåarane møter når dei tek turen langs kulturstien er eit stort berg med spor etter før-historisk tid. Kulturstien passerer til saman fire helleristningsfelt og to felt med skålgroper, og i helleristningsfeltet nærmast Utbjoa-kaien finn ein spor av begge dei to formene av førhistorisk bergkunst.

— Helleristningsberget har helleristningar med båtmotiv, solkors og skålgroper, fortel Nils Terje Oma frå Bjoa.

Han er nærmaste nabo til kulturstien og veit nøyaktig kor ein kan finna spor etter fortida.

Helleristningar

Helleristningar er bilde av menneske, dyr, gjenstandar og symbol som er hogd, skore, måla eller slipt på bergflater eller steinblokker. Nordiske helleristningar er motivrike og varierande i stil og kan delast inn i to hovudgrupper, veideristningar og jordbruksristningar. Skipsfigurar dominerer i helleristningane på Bjoa, men det finst også spor etter solkors.

Skålgroper er ein type bergkunst som består av skålforma groper som er hogd i stein. Skålgroper er den vanlegaste type helleristningar i Skandinavia. Dei fleste skålgropene her til lands stammar frå bronsealderen fram til eldre jarnalder.

Båtstøer og gravplassar

Ein kort spasertur frå helleristningsberget ligg eit anna minne frå farne dagar. Bak naustrekkja i Utbjoavågen kan ein finna restar etter fire gamle båtstøer. Båtstøene skil seg frå andre funn av båtopptrekkplassar i kommunen fordi dei både er ekstra lange og ligg langt oppe på land.

— Her er restar etter naust frå vikingtida, seier Oma.

Frå Utbjoavågen snor stien seg vidare langs fjorden i retning Donsvikneset. Ytst på neset ligg ei av til saman fem gravrøyser og gravhaugar som turgåarar møter på si vandring langs Kulturstien. Tidlegare var det minst fire gravrøyser til i området, men desse er ikkje synlege i dag. Gravrøyser og gravhaugar er blant dei vanlegaste synlege forminne ein finn her på Vestlandet og stammar frå tida frå tidleg bronsealder til slutten av vikingtida. Dei fleste av gravhaugane har hatt besøk av ubedne gjester som har fjerna spora frå fortida, men i eitt av gravfelta ligg framleis ei grav synleg i terrenget. Her kan ein tydeleg sjå dei store steinhellene som utgjer sidene i gravkista, medan det store steinlokket er fjerna.

— Gravene er blitt plyndra for mange år sidan, fortel Oma.

Kommunalt prosjekt

Kulturstien på Bjoa går for det meste gjennom kupert terreng med ein del blaute parti. Turen passar ypparleg både for små og store, men er ikkje eigna for rullestol eller barnevogn. Bygdefolket har i fleire år prøvd å få til ei oppgradering av stien slik at den kan vera betre framkommeleg og kan nyttast av fleire. Men enn så lenge har dei ikkje lukkast.

— Me har prøvd å få til ein sti der ein kan gå med rullestol eller barnevogn, men det har vore lite velvilje frå myndigheitene, seier Oma.

Stien er finansiert og bygd av Vindafjord kommune og blir i dag tatt vare på av dugnadsvillige bjoabuar. Mellom anna har svært våte parti fått solide gangbruer som syt for at turfolket kan gå tørrskodd.

— Det er bygd bruer over våte parti. Kommunen har kosta material og ein dugnadsgjeng har stått for bygginga, fortel han.

Langs heile turvegen har kommunen sett opp skilt med informasjon om dei historiske stadene og innimellom dukkar det opp handlaga treskilt som viser vegen til dei interessante fornminna. Treskilta med eit utfrest fornminnemerke har elevar ved grendaskulen i bygda laga og montert.

— Skuleelevar på Bjoa laga treskilt for mange år sidan som dei sette opp langs stien, fortel dagens turguide og tidlegare rektor ved Bjoa skule.

Badeplassar

Det manglar ikkje på badeplassar langs turløypa. Feire stader kan ta ein liten avstikkar ned mot sjøen dersom ein finn trong for å avkjøla seg på varme sommardagar eller har lyst til å prøva fiskelukka. På Kråkeskjær, om lag midt i løypa, kan ein kombinera badeglede med stongfiske, og skulle ein ha behov for ein pust i bakken er den grønmåla kvilebenken med utsikt over fjorden perfekt.

— Benken er laga av Gnisten, fortel Oma.

Stien er godt merka og tek om lag ein times tid dersom ein tek seg tid til å stoppa ved dei ulike historiske minnene.

Powered by Labrador CMS