nyhende
Kulda har gitt røyrleggjaren ekstremt travle dagar
Røyrleggjarbransjen har opplevd stort trøkk både under og etter frostperioden.
Frostperioden har vore lang og frosten har skapt problem. For karane i røyrleggjarverksemda Halland & Fosse AS har det betydd travle dagar, noko som for deira vedkomande har kome godt med, nyetablerte som dei er.
Pass på både før og etter
Når gradestokken kryp over null igjen er det mange som trur vassleidningen byrjar å tina, men det er ofte ikkje tilfellet.
– Etter ein slik kuldeperiode me har hatt no, sit frosten ofte djupt i bakken og kan skapa problem lenge etter at plussgradene er tilbake. Av ein eller annan grunn verkar det som om frosten i bakken går hardare til verks etter at mildvêret er kome, fastslår røyrleggjar Ingve Fosse.
– Er det mest i eldre hus at vassrøyr frys?
– Mi erfaring er at det er heller motsett, seier Fosse og forklarar:
– Fordi ved moderne husbygging blir det brukt mykje singel i grøftene, og då fer både vatn og frost lett ned i bakken. Singelen beskyttar røyr mot større steinar som kan skada røyr ved setningar etter gravearbeidet. Vassleidningen min ligg berre dekka med 30 cm mold, men frys ikkje, og grunnen er at mold isolerer svært godt.
Motsett har Fosse opplevd frost i bakken heilt ned til halvannan meter, men då med drenerande masse.
Beste kuldetriks
– Enkle tips for å unngår frosne røyr/vass-skadar, og kva bør ein gjera dersom ein er lenge vekke frå heimen?
– Det er diverre vanskeleg å sikra seg ordentleg mot frost utan å isolera grøfta eller sjølve vassleidningen. I nokre tilfeller er det mogleg å ettermontera varmekabel. Elles vil det alltid vera ein fordel om vatnet er i bruk, slik at det ikkje står i ro over lengre tid. Så er det sjølvsagt viktig å stenga og drenera utekranar, skru av «gardena-koplingar» og ha varme på i alle rom der det er vatn i veggane.
For dei som byggjer nytt er det lurt å leggja litt ekstra i det når vassleidningen vert lagt ned slik at den vert isolert. Det kostar litt ekstra der og då, men vert billig samanlikna med gjentekne problem med frost.
Hektisk døgnet rundt
Også Rørlegger Thuestad AS har hatt mange telefonar frå fortvila huseigarar om frosne røyr denne vinteren.
– Det har vore hektisk, og til tider litt kaotisk, det blir fort litt slik når mange mistar vatnet samstundes. Me har gått meir eller mindre sju dagar i veka til seine kvelden/natta dei siste tre vekene i samband med frosten, fortel dagleg leiar Ronny Gustavsen.
– Fram til no har det vore mest utvendig det har frose, uavhengig om det er gamalt eller nytt. Eigentleg lite frost innvendig fram til denne tid, men det kan jo koma seinare når vatnet tiner, men håpar ikkje det, kommenterer Gustavsen.
Føre var
Sjølv om huseigaren ikkje kan styra vêret, kan dei langt på veg styra det som skjer i eige hus.
Dette bør huseigarar passa på i kulda, ifølgje dagleg leiar i Rørlegger Thuestad AS:
– Sjå til at det er varme i dei romma som har vatn, – samt sjekka at hageslangar er kopla frå utekranar. Elles at dei som har varmekabel i vassleidningane sine må sjekka at dei fungerer og er på.