nyhende

– Dei siste skøytene på utlånssentralen vår blei lånt ut på fredag, etter det har me hatt mange henvendingar frå folk som ønskjer å leiga vinterutstyr, fortel Kristianne Uri, dagleg leiar i Skattkammeret Sveio.
– Dei siste skøytene på utlånssentralen vår blei lånt ut på fredag, etter det har me hatt mange henvendingar frå folk som ønskjer å leiga vinterutstyr, fortel Kristianne Uri, dagleg leiar i Skattkammeret Sveio.

Kulda fekk fart på skøytene hos Skattkammeret

– Me merka det alt før jul, men etter nyttår har det vore «heise mange» som har spurt om å få låna sportsutstyr hjå oss. Det fortel dagleg leiar ved Skattkammeret Sveio, Kristianne Uri.

Publisert Sist oppdatert

Etter som kvikksølvet kraup lenger og lenger ned på gradestokken, og isen la seg tjukk og trygg på vatna, har skøytene fått bein å gå på. Skattkammeret Sveio har sidan nyttår opplevd stor etterspurnad etter vinterutstyr.

– Samanlikna med året før, då det var mild vinter og nesten ikkje var utlån av skøyter, er dette heilt spesielt, opplyser Kristianne Uri.

Gratis leige

Ved utlånssentalen på Sambrukshuset kan du låna både kunstløp- og hockeyskøyter med tilhøyrande utstyr. Av ski finst det både langrenn-, slalåm- og fjellski, – også pulk, akebrett og kjelkar for dei som ønskjer det. Alt gratis å låna, både for vaksne og born, bedrifter og skuleklassar. Tilbodet er i regi av Kirkens Bymisjon, utlånet er på vekesbasis.

Miljøgevinst

– Me tykkjer det er veldig kjekt at folk nyttar seg av tilbodet vårt. Det er også gledeleg at mange er oppteken av miljøgevinsten det inneber å leiga framfor å kjøpa, kommenterer Skattkammer-leiaren i Sveio.

Ønsker du å låna utstyr gratis? På Facebook har Skattkammeret Sveio ein «booking-knapp» der du kan avtala tid for utlån av utstyr.

– Dette på grunn av restriksjonar og at me ikkje har faste opningstider. Dersom du ikkje finn tid som passar, ta kontakt med oss, oppfordrar Uri.

Powered by Labrador CMS