nyhende
FAU ved Valestrand oppvekstsenter om framtidig skulestruktur:
Kritiske til prosessen
Rapporten som ser på skulesituasjonen i Sveio seier at det einaste alternativet for oppvekstsenteret i Valestrand er å leggja ned, men det er ikkje bygdefolket einige i.
– Etter jul har me hatt eit sterkt regime på dette. Me jobbar med å skriva svar på høyringsuttala, og for å ha ein viss framdrift har me videomøte, seier leiar i FAU ved Valestrand oppvekstsenter, Monica V. Valen.
Reiseveg
Ho er også med i politikken i Sveio, så ho var førebudd på at saka ville komma.
– Me vil ikkje at skulen vår skal forsvinna, me vil gjera vårt ytterste for at den skal bli bevart. Per i dag er det 46 elevar ved skulen, me synest dei skal få ein nærskule å gå på, og sleppa å bli frakta til Førde, seier Valen. Ved eit slikt tilfelle vil nokon få kortare veg, medan andre vil få eit godt stykke i buss.
– Me i FAU er svært kritiske til den kommunale prosessen som er lagt opp rundt dette viktige arbeidet som er førande for heile samfunnsutviklinga i kommunen vår. Kommunen bryt med sin eigen planstrategi i denne prosessen. Det inneber at dei eksterne tilrådingane som har kome frå innleigde Telemarksforsking ikkje kan liggja til grunn for vidare arbeid. Skulestrukturen i kommunen må difor bestå som i dag og ein reell prosess rundt ny skulebruksplan må etablerast i kommunen, seier FAU-leiaren.
Nærleik til Stord
Ho viser til at i Valestrand er det allereie fleire tilflyttarar med ungar som har kome til oppvekstsenteret dei siste åra. – Skuletilbod i ei levande bygd, kombinert med moglegheitene i handels- og arbeidsmarknaden i Stord og regionen rundt, har vore ein føresetnad for at dei valde Sveio som bukommune. Valestrand er attraktivt for barnefamiliar på grunn av nærleik til Stord og at her er billigare bumoglegheiter. Dette slår til og med Multiconsult fast i den faglege rapporten bestilt av kommunen.
Trygt med liten skule
– Kommunen ønskjer at det skal vera liv i alle bygder, og me ønskjer skulestrukturen som i dag. Ein god grunn er at det er elevar i alle klassar, og det er ikkje av dei minste klassane heller, seier Valen.
FAU ser også at miljøet på ein liten skule er tryggare og meir transparent, slik at det er lettare å fanga opp om tonen blir ugrei, men ei stor utfordring er kvaliteten på bygget skulen og barnehagen er i, då det er gjort lite vedlikehald opp gjennom åra, og det går ut over bygget. Foreldregruppa ser ingen fordelar med å flytta elevar til Førde, og diskuterer mest å bevara skulen slik den er.
Utviklingspotensiale
Nyleg har LÉVA Urban Design gjort ein stadanalyse av bygda, rett og slett for å sjå kva godt ein har i bygda, og korleis byggja vidare på det.
– Kunne ein fått til ein dialog med det som er utarbeida, og sett om det er utviklingspotensiale, foreslår Valen, som også synest at Sveio kommune kan bli flinkare til å promotera seg sjølv for å få folk til å bu i heile kommunen.
Lokalt er engasjementet stort og eintydig.
– Folk støttar opp om å behalda skulen, og mange har skrive under på oppropet på nettet og i butikken i Valevåg. Kommunen bør høyra på innbyggjarane sine, seier Valen.