nyhende
Kritisk til at kompensasjonsmidlar gjekk til løn
Stig Wegner Simonsen i Fjord Idyll Hytteutleige, stiller spørsmål til at verksemda som har fordelt kompensasjonmidlar til Sveio-bedrifter, har blitt løna av same potten som dei som har lidd tap.
Fjord Idyll Hytteutleige er blant dei 20 som har fått korona-kompensasjon frå Sveio kommune via Atheno. Innehavar Stig Wegner Simonsen har åtte utleigehytter i Førde, er tilslutta Sveio reiseliv, og er ein av dei største private på utleigemarknaden i kommunen. Ifølgje førdebuen har pandemien påført han eit tap på 540 000 kroner. Av dette beløpet søkte han om å få dekka 10 prosent og fekk 40 000 kroner. Det er han tåleleg nøgd med.
Feil å ta frå tildelingspotten
Det han derimot forfektar er at verksemda som har handtert fordelingsjobben blir løna av tildelingspotten.
– Eg er samd i at det var rett av kommunen å overlata arbeidet til andre, men det blir feil at Atheno blir løna av den same potten til dei som har lidd tap, seier Simonsen. Han peikar også på pengane går til ei bedrift som ikkje er heimehøyrande i Sveio.
Då kompensasjonsordninga blei annonsert, var det 531 651 kroner i potten. I tida då søknadsfristen var gått ut, og tildelinga skulle starta, kom meldinga om at det var kome 250 000 kroner frå regjeringa i tillegg, slik at potten blei på heile 781 651 kroner.
Totalt er 730 000 kroner er utbetalt til lokale bedrifter. Den resterande summen, 51 651 kroner, har gått til Atheno som har forvalta midlane på vegne av Sveio kommune.
Ikkje budsjettert
Ordførar i Sveio, Linn Therese Erve har denne kommentaren til tildelingsordninga:
– I behandlinga av denne saka gav formannskapet uttrykk for at heile kompensasjonspotten burde bli utbetalt til lokale verksemder etter søknad, men me vekta høgt at det var viktig å få betalt ut kompensasjonsmidlane så fort som mogleg. Handtering av ordninga ville kravd ressursar. Dersom kommunen skulle gjort arbeidet sjølv, måtte det blitt gjort på sida av ordinær drift, og det ville tatt for lang tid. Me har ikkje sett av midlar i budsjettet til å kjøpa slike tenester, seier Erve.