nyhende

Dagens påske-enquete

Kristine Thorkildsen og Kai Peder Birkeland

Kristine Thorkildsen er biblioteksjef i Sveio kommune og tidlegare sølvmedaljevinnar i NM i lagfekting. Kai Peder Birkeland er dagleg leiar i verksemda Birkeland på Ekrene.

Publisert Sist oppdatert

Kristine Thorkildsen

Beste påskemat og påskesnop?
– Kalkun er den beste middagen eg kan få. Om eg får Waldorfsalat (utan majones, men rømme) til, så kan eg ikkje få noko betre. Eg elskar snop! Sjokoladebasert godteri er det beste. Sånne kvalar av marsipan dekka av sjokolade er favoritten.

Beste påskeminne?
– Hyttetur på fjellet med familien er dei  finaste minnene eg har. Dei minna er det fleire av og er vanskeleg å sei kva år som var favoritten. Kanskje gøyast når ungane var små fordi då kunne eg leika ute i snøen med dei.

Kva må/pleier du å gjera i påsken?
– Løyse kryssord, spele Ludo på iPaden, Yatzy, lesa, ete godteri, gå på ski og sitja ved eit bål ute. Då har eg gjerne eit pinnebrød på ein kvist som aldri blir heilt gjennomsteikt.

Kristine Thorkildsen.

Kai Peder Birkeland

Beste påskemat og påskesnop?
– Favorittpåskemat for meg må nok vera pinnekjøt. Og som snop tror eg det blir litt vin med spekemat.

Beste påskeminne?
– Det må nok vera ein eller annan båttur i Ålfjorden.

Kva må/pleier du å gjøre i påsken?
– Det er hytteturar i Ålfjorden.

Kai Peder Birkeland.
Powered by Labrador CMS