nyhende

Krisekost i krigstid

Kanskje lærte dei å spinne også. I nauda lærte i alle fall norske kvinner å lage eplekake av potet, piske krem av skummamjølk og steike kålrot som biff.

Publisert Sist oppdatert

«Bytte papsens gyngestol med en smørklatt i fra Gol»

«Først litt fløte, så litt mix, fiskelim og metallfix», song Kari Diesen under krigen. Dette biletet er teke ein del år seinare. Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB /NPK

Mat- og varemangelen under okkupasjonen var slett ikkje morosam. Men det folk tok til takke med som erstatning, var ofte til å le høgt av.

Revyscena Chat Noir stengde aldri dørene under krigen. Kari Diesen var blant artistane som bidrog til å halde motet og humøret oppe blant folk – ofte ved å sjå på kvardagen med nye briller. Eit av nummera var denne visa, som ho song til melodi av «Ride, ride ranke»:

Bake kaker søte, av 16 prosent fløte,
først litt fløte, så litt mix, fiskelim og metallfix.
Lillegutt han smaker’n og sier «Fytte rakker’n»

Koke, koke kaffe, surrogater skaffe,
pottitskrell og skuresand, høvelspon og løvetann.
Den lar du deg servere, en gang – aldri mere.

Strikke, strikke jumper, rekk» opp gamle strømper.
Ruth og Per skal sette bo, mammas serk blir delt i to,
sydd på symaskiner og hengt opp som gardiner.

Røke, røke pipe, jævla tobakksknipe,
ose som et olja lyn helt fra Bryn til Gamleby’n.
Om kvelden hjem du homper og røker gamle stomper.

Klippe, klippe brødkort, gule, blå og rø» kort.
Skjorte-, vest og snippekort, klippe, klippe, klippekort.
Den som kunne slippe – å klippe, klippe, klippe.

Hamstre, hamstre geitost, sånn gammel, god og feit ost,
bytte papsens gyngestol med en smørklatt i fra Gol,
ligge søtt og drømme om svinesteik og rømme.

Kjelde: ude.oslo.no

Då krigen braut ut 9. april 1940, hadde nordmenn allereie i to år levd med at det var vanskeleg å få tak i mjøl, kaffi og sukker. I løpet av det fyrste krigsåret vart lista over rasjonerte matvarer også sakte utvida. Snart omfatta ho ikkje berre alle importerte matvarer, men også brød, feitt, sirup og kaffierstatning. Året etter kom i tillegg kjøt, flesk, egg, mjølk og meieriprodukt på lista.

Tyskarane derimot, åt betre enn på lenge. I tillegg til å sende norskproduserte matvarer som krigsbytte heim til Tyskland, gjekk mykje av maten dei konfiskerte med til å brødfø troppane sine på norsk jord.

Mesteparten av mjølet Noreg hadde på lager i 1940 forsvann difor raskt. Nordmenn måtte greie seg med såkalla krisemjøl, eller Terboven-mjøl, som det vart kalla på folkemunne. Mjølet var av umogent korn med høg utmålingsgrad og i tillegg tilsett krit. Det stoppa likevel ikkje folk frå å spe det ut endå meir. Råd om ulike blandingar med potet, fiskemjøl, tang, tare og bork gjekk frå familie til familie, medan dei freista å gjere mest mogleg ut av det vesle dei fekk på rasjoneringskorta.

Rasjoneringskort på mjøl og brød.

Dei grå åra

For husmødrene som skulle freiste å mette familiane sine, var situasjonen fortvila. Dei visste ikkje då, at det skulle kome til å bli mykje verre. For det var først sommaren 1942 at det verkeleg rakna. Då vart også potet og alt av grønsaker ført opp på lista.

Gommo mi Ingeborg og svigerinna Kari var to av dei mange kvinnene som mødesamt bytte og noterte ned oppskrifter på denne tida. Kari gav året 1942 ei heilt eiga bok, der ho sirleg førte inn oppskrifter på alt frå krisekaker og krisemajones til krisebiff laga på klippfisk. Sistnemnde hadde til og med kommentaren «god» i parentes. Den einaste frie vara dei stod att med på dette tidspunktet, var nemleg fisken. Denne siste gleda skulle likevel ikkje vare lenge. I november 1943 vart også fisken ført opp på rasjoneringslista.

I takt med at innhaldet i spiskammersa krympa, vaks kreativiteten hjå norske husmødrer. Pannekaker med potet i staden for kveitemjøl var godt – om ein ikkje mangla smør å steike i. Då var alternativet ofte tran eller sildolje.

Byte og børs

Rasjoneringskorta vart skrivne ut til kvart familiemedlem og gav rett til ei viss mengd matvarer av ulike slag. Rasjonane varierte etter alder, kjønn og spesielle behov, og kvoten var som oftast geografisk bunden. Skulle dei handle andre stader enn på heimplassen, måtte dei skaffe seg påteikning frå den lokale forsyningsnemnda. Over alt var køane lange. Folk stod timevis for handle rasjonane sine og byte og børse med kvarandre.

Parallelt med at innhaldet i spiskammers og kjellarar skrumpa inn, vaks kreativiteten blant Ola og Kari. Somme åt duer, måker, kråker og ekorn, andre starta oppdrett av kaninar og heldt alskens husdyr både på loft og i kjellarar. «Villagris» var difor eitt av nyorda som dukka opp. Ved sida av sanka folk det dei kunne av sopp og bær. Mange jakta, så nær som alle dyrka. Og øvst, på absolutt alle sine sjølvbergingslister, stod poteta.

Folkeknollen

Den mettande og næringsrike knollen hadde berga nordmenn frå mangt eit uår før. I motsetnad til korn, var ho jo hardfør og treivst både høgt til fjells og langt nord. Slik auka arealet nytta til potet med 55 prosent nær over natta under krigsåra. I 1942 var potetrasjonen på tre kilo pr. person i veka.

Poteta var no for lengst blitt ein rett i seg sjølv; servert kokt og bakt og mosa og pannesteikt og varma i skvettar med mjølk.

Ho blei ikkje minst viktig for å erstatta eller dryge mjølet. Av det vart det alt frå fyrstekake og potetblautkake til potetvaflar, potetsmør og «falsk» semulepudding der poteta var den store stjerna.

Tyskarane forsynte seg grovt av norskprodusert mat. Noko vart sendt til Tyskland som krigsbytte, men det meste gjekk med til å brødfø troppane på norsk jord. Her er ein sekk med norske poteter frå 1941, merka med den tyske ørna.

Veggissvibbar

På same måte fekk også andre unnselege grønsaker hovudrolla på middagsborda rundt om. Det er altså ikkje trendy veganarar som kom på å steike kålrot som biff, raudbete ala wienersnitsel eller å lage helsesame karbonadar av erter og sopp. Men ettersom både smør og margarin var mangelvare, vart mykje av maten også steikt i tran eller sildolje. Det øydela fort det som elles kunne ha vore greie måltid.

Den tradisjonelle kaffikoppen var også eit stort sakn for mange. Her var erstatningane ekstra oppfinnsame, utan at nokon av dei vart karakteriserte som særleg vellukka. Somme tørka og brende erter, sukkerbete, rug, bygg, kveite, løvetannrot, eikenøtter eller frø frå gjerdevikke, som dei deretter kokte og laga uttrekk av. Andre laga ein ugjæra deig av grovt mjøl som vart trilla ut, skore i bitar og rista.

Teerstatningane låg meir opp i dagen. Her vart det brukt tørka blad og frukt frå kirsebær, bringebær, solbær eller tyttebær, til roser, epleskrell, lyng, einer og ulike urter. Blant bakeglade kjerringar spreidde rykta seg også fort om at både rabarbra, stikkelsbær og blåbær kunne erstatta dei eksotiske rosinene, medan graskar fekk roller som sukat og ananas. Karane freista på si side å erstatte tobakk med tørka hestehov, medan heimelaga potetsprit vart bytt med sprit laga på cellulose; såkalla «nakkeskot».

Kari Kragerud frå Ål vigde ei heil oppskriftsbok til kriseåret 1942. Ho var også kurér under krigen og den første kvinna i Noreg med glidefly-sertifikat. Her i 1938, framfor flyet Mehank.

Ei kake for livet

I eit moderne samfunn av overflod, er det vanskeleg å førestille seg kva matknappheita kravde av folk den gongen.

I 1940 var kvoten på utvatna skummamjølk på 2,5 dl per dag, medan ungar i vekst vart tilgodesett med 0,8 liter heilmjølk.

Korleis fekk dei kvardag og fest til å gå rundt, når grovmjølkvoten i 1941 var på 100 gram pr. person pr. dag og smørkvoten på 30 gram?

Dei spara, sjølvsagt. I tillegg til den oppførte veka, var kvart av merka også gyldig to veker før eller i tre veker etterpå. Ved å samle opp kupongar, var det mogleg å handle rasjonar for opptil seks veker av gongen.

Om fleire i familien ofra vekerasjonen sin på både mjøl og mjølk og alt som høyrde med, kunne det til og med vanke gebursdagskake på den som fylte år.

Mor mi var åtte år då krigen braut ut. Som vel vaksen hugsa ho framleis at ho fekk ei stor kake med lys på til tiårsdagen sin.

Kva kaka smaka, hadde ho derimot ikkje noko minne om. Det viktigaste var jo at det vart kake.

Oppskriftene i denne saka er henta frå Kari Kragerud si krisekokebok frå 1942.

Eplekake.

Eplekake

  • 100 gr mel
  • 100 gr kokte knuste poteter
  • 70 gr sukker
  • 30 gr smør
  • 1½ ts bakepulver

Eltes sammen til en deig, som kjevles ut og legges i rund form. Deigen lit større enn bunden i formen, så det blir en kant rundt. Fyll med epler eller annet syltetøy. Av deigen tas på forhånd lit som kjevles ut og skjæres i strimler, helst med bakkelsrenne, som legges over kaken på kryss og tvers (som på fyrstekake). Stekes i alminnelig varm ovn.

Majones.

Krisemajones

  • 2 dl melk
  • 1 ts potetesmel
  • 1 ts hvetemel
  • 1 bakeske eggpulver
  • 2 ss olje
  • Litt fløte, bør være tykk

Melk og mel kokes under omrøring til det tykner, mens varmt has i eggpulveret. Når det er koldt, blandes i eddik, sennep, salt og pepper efter smak, og litt sukker.

Krisekake

  • 700 gr mel, halvt hvete, bygg eller bakemel
  • 200 gr farin (kan utelates)
  • 6 dl søt nysilt melk
  • 2 dl sirup
  • 1/4 ts pepper
  • ½ ts ingefær
  • 2 store ts hjortesalt utrørt i lit kokende vann

Bland det tørre først, melken og sirupen heri. Heldes i smurt lang-panne. Ikke for varm ovn. Skjæres op når de er kolde.

Klippfisk som biff

3/4 kilo godt utvannet klippfisk trekkes i 10 min i kokende vann.

Tørres, ca. 1 ss fett brunes, brun løk i litt sukker først, brun så fisken forsiktig, legg den på fat med 1 ske tomatpure og litt løk på hvert stykke. Deilig krisemat!

Brun formkake.

Brun formkake

  • 4 kopper mørkt mel
  • 1½ kopp sukker
  • 1 1/2 ts hjortesalt
  • 1 ts kanel
  • 1 ts kardemomme
  • 1ts nellik
  • 1 ts ingefær
  • 2½ kopp melk
  • 1 kopp smeltet smør

Bland alt det tørre, tilsett melk og smøret, ha i smurt form, stekes ved middels varm ovn ca 3/4 time.

Krisekake 2

  • 3 dl mel (eller 200 g)
  • 1 dl vann
  • 3 ss sukker
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ts eggpulver
  • Litt kardemomme, eller annet til smak

Stekes i smurt goro- eller krumkakejern og skjæres mens varme. Blir sprø og kan gjemmes. Has i jernet med ske.

Fyrstekake. Foto Sara Johannessen / Matprat

Falsk mandelmasse

Til fyrstekake

  • 125 g kokte poteter
  • 100 g sukker
  • 1 knivsodd kanel
  • 6–8 dråper mandelolje
  • Kardemomme

Kjelder: ude.oslo.no, Norgeshistorie.no, Arkivverket, Wikipedia, Aftenposten, NRK.

Det var ikkje alltid det var mat å få kjøpt, sjølv om ein hadde rasjoneringskort. Her står folk på Hamar i kø for å få kjøpt sin rasjon av frukt og grønsaker.
Powered by Labrador CMS