nyhende

Krinsmeistrar for fjerde år på rad

Sist helg møttest 24 speidarpatruljar til dyst på Lier. Som i fjor, og dei to åra før det, vann Patrulje Ørn frå Førde krinsmeisterskapen. I juni ventar NM i speiding.

Publisert Sist oppdatert

I år var det Ryvarden krins som arrangerte krinsmeisterskapen i speiding. Også kalla vårens vakraste eventyr. 24 storspeidarpatruljar frå NSF og KFUK-KFUM samla seg på Lier for å kjempa om vandretrofe, krinsbanner og ein plass til NM i speiding.

Som vinnar av NM i speiding i fjor, var nok Patrulje Ørn frå Førde ein liten favoritt. Dei har også vunne krinsmeisterskapen dei tre føregåande åra. Men ingenting er sikkert før alle oppgåver er løyst, og jubelen var stor då Patrulje Ørn gjekk av med sigeren.

Mange oppgåver

Patruljane hadde mange oppgåver å løysa i løpet av helga. Dei konkurrerte i blant anna orienteringsløp, teorioppgåve, rundløype med førstehjelp, pionering, naturkunnskap, ei hemmeleg oppgave, matlaging og praktisk oppgåve.

I sistnevnte måtte dei sy eit flagg. I tillegg ble patruljane vurderte i samhald, patuljesærpreg og orden på patruljeområdet.

Skal forsvara NM-tittelen

— Det ble ei helg med mange opplevingar, nye erfaringar og mykje læring. Det var imponerande å sjå speidarar frå 5. klasse og oppover klara seg sjølv ei heil helg. Dei leverte fantastiske resultat i mange forskjellige oppgåver, fortel Claudia Mocci frå Førdespeidarane.

I juni skal patruljen reisa til NM i Levanger for å forsvara noregmeistertittelen.

— Me er utruleg stolt over speidarane våre og ønsker dei lukke til, seier Mocci.

Powered by Labrador CMS