NPK-NTB: Huseierne meiner straumstøtte-ordninga til regjeringa verken skapar den føreseielegheita eller tryggleiken som norske hushald treng.
Organisasjonen har no sendt eit brev til Stortingets energikomité og finanskomité der dei ber om ei forbetra ordning der staten betaler alle straumutgifter over 50 øre per kilowattime, skriv NRK.
Ifølgje generalsekretær Morten Andreas Meyer vil ein familie med to vaksne og to barn kunne få samla straumutgifter på 7.500 kroner i januar dersom straumprisen blir 10 kroner i snitt for kvar kilowattime.
I perioden 2014 til 2019 var utgiftene for ein tilsvarande familie i snitt 3.100 kroner.
Senterpartiets Geir Pollestad i finanskomiteen på Stortinget seier på si side at dagens straumstøtteordning er god, og at det ikkje ligg an til å styrkje ho. Han viser til at Hushalda frå 1. september får dekt 90 prosent av straumprisen over 70 øre.