nyhende
Kraftprodusentane har spart vatn i sommar – forsyninga til vinteren er forbetra
Kraftprodusentane har følgt oppmodinga frå regjeringa og halde igjen vatn i magasina som kan lagrast til vinteren. Fyllingsgrada er på veg opp, seier NVE.
– Tala viser at nesten all vasskraft som er produsert i Sør-Noreg dei siste vekene, er vatn det ikkje er mogleg å lagre. Det betyr at produsentane i sommar har følgt oppmodingane frå styresmaktene og spart på vatnet der dei kan, seier direktør Inga Nordberg i NVE.
Berre 3 prosent av kraftproduksjonen i det sørlege Noreg kom frå vassmagasin som vi treng til vinteren. Nesten all kraftproduksjon – 97 prosent – kjem frå anna type kraft, som elvekraft, vindkraft og små magasin, ifølgje NVE.
– Dette er historisk lågt, seier olje- og energiminister Terje Lien Aasland (Ap), som er glad for at kraftprodusentane har lytta og følgt oppmodinga frå regjeringa og energistyresmaktene.
– Eg er veldig glad for at vasskraftprodusentane no held tilbake vatn nettopp for å sikre oss til vinteren, seier Aasland.
Vil variere meir framover
Rapporten viser at det i veke 33 har vore ein liten auke i kraftproduksjonen. Årsaka er truleg høgare prisar i Europa. I tillegg er det produksjon som er nødvendig for å oppfylle konsesjonskrav, og dessutan krav som er sett av omsyn til miljøet, som minstevannføring.
– I tida framover vil vi sjå at tala frå kraftprodusentane varierer frå veke til veke. Det same gjeld variasjon i magasinfylling, seier Nordberg.
Ho påpeikar at det vil vere naturleg i det norske kraftsystemet, som er avhengig av vêret. Men det er framleis svært viktig at kraftprodusentane held igjen vatn som kan brukast til å produsere straum til våren, understrekar ho.
– Kraftproduksjonen auka i dei tre sørlege prisområda førre veke, men var framleis lågare enn tilsvarande veke dei siste ti åra, seier Nordberg.
Fyllingsgrad framleis låg, men stigande
Den langsiktige utviklinga no er at fyllingsgrada aukar. I prisområdet for Vest-Noreg er fyllingsgrada no nesten som i eit normalår. Men i områda på Austlandet og Sørvestlandet er nivået framleis det lågaste på 20 år.
– Eg skulle ønske at fyllingsgrada var betre, men den lange trenden er at no blir magasina fylte. Mykje av uvissa heng på kva slags vêr vi får framover, seier Aasland.
NVE-sjef Kjetil Lund stadfestar at den langsiktige utviklinga er at fyllingsgrada går opp. Det kan gå litt opp og ned frå veke til veke. Han meiner ein ikkje må hengje seg for mykje opp i det.
– Det sokk litt førre veke i prisområdet NO1 og NO2, men det var ei veldig spesiell veke. Det var nesten ikkje nedbør og veldig lite vindkraft i andre nærliggjande land, særleg Danmark. Det vil gå litt opp og ned frå veke til veke, seier han.
Prisane sokk i nord
Prisane steig førre veke, både i Europa og i Noreg. Nord-Noreg var det einaste området i landet der straumprisen sokk.
– Auka brensel- og CO2-prisar, og lågare vindkraftproduksjon i Europa er viktige årsaker til prisauken også her til lands. I nord har derimot auka vindkraftproduksjon og avgrensa nettkapasitet ut av landsdelen bidrege til ein prisnedgang, seier Nordberg.
Magasina er i ferd med å fyllast opp. Det blir viktig med nedbør utover hausten.
Mykje kan endre seg dei neste månadene, samanfattar direktoratet. Det avheng av nedbør, men også forhold som kan endrast internasjonalt. Får vi mindre nedbør enn normalt, ein kald vinter og framleis uroleg situasjon i Europa, kan det bli krevjande forhold sør i Noreg.
– Så lenge prisane på gass og andre brensel held fram med å vere høge, kan vi forvente at dei norske straumprisane vil liggje på eit høgt nivå også framover i tid. Viss vasskraftprodusentane held tilbake på vatnet, vil det styrkje ressurssituasjonen, men det vil også bidra til auka prisar, skriv NVE i rapporten.
(©NPK)