nyhende

Organisasjonen Flyte markerte FNs internasjonale dag for drukningsførebygging i Oslo i juli. Oslo Brann- og redningsetat heldt ei redningsøving der ein person skulle reddast opp av vatnet. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Organisasjonen Flyte markerte FNs internasjonale dag for drukningsførebygging i Oslo i juli. Oslo Brann- og redningsetat heldt ei redningsøving der ein person skulle reddast opp av vatnet.

Kraftig nedgang i drukningsulukker – håper årsaka er at folk har lært

Det var nær halvparten så mange drukningsulukker dei åtte første månadene i år samanlikna med i fjor. Det kan vere tilfeldig, men Redningsselskapet håper at vi byrjar å sjå resultatet av mange år med haldningskampanjar.

Publisert Sist oppdatert

Hittil i år har 36 personar drukna her i landet, mot 71 dei første åtte månadene av 2024.

I sommarmånadene juni, juli og august i år drukna 22 menn og ei kvinne. Ni omkom under bading, medan åtte personar drukna i samband med bruk av fritidsbåt. Dei resterande ulukkene skjedde frå yrkesfartøy, etter fall frå land eller under dykking.

I august var det to menneske som drukna og det er eit uvanleg lågt tal for den månaden, medan 16 i juli er omtrent på snittet for dei siste åra.

Eit fleirtal av dei som drukna mellom juni og august var passert 60 år, og menn var overrepresenterte.

Tanja Krangnes er fagsjef for drukningsførebygging i Redningsselskapet.

– Kan vere tilfeldig

Tanja Krangnes er fagsjef for drukningsførebygging i Redningsselskapet. Ho seier at nedgangen i år kan vere tilfeldig, men ho håper dei mange haldningskampanjane Redningsselskapet og andre aktørar har gjennomført, endeleg er i ferd med å bere frukter.

Ho fortel at 85-90 prosent av dei som druknar årleg er menn, og at stadig fleire av dei er av den eldre garde.

– 70 prosent av dei som drukna i sommarmånadene i år var over 61 år. I juli var det spesielt mange badeulykker, og det har samanheng med at denne månaden var svært varm over heile landet, seier ho til Nynorsk pressekontor.

Flest menn

Det faktum at fleirtalet av dei som druknar er menn, er noko ein ser også i dei andre nordiske landa og i Storbritannia. Det har med eksponering å gjere. Fleire menn enn kvinner utset seg for drukningsfare. Mange av dei er åleine i fritidsbåtar, fleire fiskar i elvar, og mykje tyder på at menn generelt i større grad enn kvinner kan overvurdere seg sjølve.

– Menn er også i fleirtal blant dei som kombinerer alkohol med aktivitetar i vatn. At så mange av dei som druknar er over 60 år, har ein samanheng med at befolkninga stadig blir eldre. Pensjonistar er meir aktive enn før, dei har betre økonomi, drikk meir alkohol og er med på mange fritidsaktivitetar. Det er lett å gløyme at kroppen endrar seg, at balansen blir dårlegare og at dei ikkje klarer alt dei gjorde før, seier fagsjefen.

Frå Trygg i vatnet-kurset på Sunndalsøra i Møre og Romsdal tidlegare i år.

Varm sommar – mykje bading

Når sommarvêret er fint og varmt er det generelt alltid mange fleire som badar. Då kan det for fleire ha vore mange år sidan sist dei hoppa uti – og vere lett å overvurdere seg sjølv. I 2018 var det også ein uvanleg varm juli månad og spesielt mange eldre som omkom i badeulykker.

Når det gjeld samanhengen mellom drukning og rus finst det ikkje statistikk for badeulukker. Tal frå Sjøfartsdirektoratet viser at når det gjeld drukningsulukker frå fritidsbåt, var det i 2024 rundt halvparten av tilfella alkohol eller andre rusmiddel involvert.

Kampanjar mot både barn og vaksne

Kurs og haldningskampanjar er ein viktig del av arbeidet til Redningsselskapet. Her samarbeider dei blant anna med Sjøfartsdirektoratet og Kystverket. Kampanjen «Løft blikket» handlar om å vere merksam når ein ferdast på sjøen. Saman med organisasjonen Av og Til blir det oppmoda til alkoholvit til sjøs.

Redningsselskapet arrangerer dessutan Sjekk vesten-veka kvart år og framover ønskjer dei også å utvikle drukningsførebyggjande tiltak som blir retta inn mot eldre.

Hittil har snart 500.000 elevar i ungdomsskulen delteke i «Trygg i vann», som er Redningsselskapet sitt praktiske kurs i risikovurdering, livberging og sjølvberging i vatn utandørs.

Eit overordna mål er at alle norske barn skal vere symjedyktige frå 4. klasse.

– Vi ser at det er gode kompetansemål i læreplanen, men det er framleis forskjell mellom ulike skular og ulike kommunar. Vi ser at det er ulik satsing, og vi har eit godt stykke igjen før vi når målet, seier Tanja Krangnes i Redningsselskapet.

Slike redningsbøyer har redda mange liv.

Få bukt med «machokulturen»

Flyte er ein paraplyorganisasjon som skal samle alle som jobbar med drukningsførebygging i Noreg. Organisasjonen har som mål å etablere eit nasjonalt kompetansesenter for drukning og sikre ei faktabasert tilnærming til førebygging, og dessutan koordinere den førebyggjande innsatsen.

I sommar har dei hatt kampanjen «Mann over bord». Den retta seg spesielt mot menn med ei tydeleg oppmoding om å tenkje seg om før dei utset seg sjølve og andre for unødvendig risiko i og ved vatn. Flyte meiner at «ein sosial machokultur» er ei viktig årsak til dei mange drukningsulukkene blant menn.

– Dette handlar ikkje om å peike finger. Det handlar om å redde liv. Å ta på seg vesten. Å seie nei til alkohol i båt. Å seie frå når kameraten tek unødige sjansar, heiter det blant anna i kampanjen.

Mange er gode til både å symje og stupe, men mykje tyder på at menn generelt i større grad enn kvinner kan overvurdere seg sjølve.
Powered by Labrador CMS