nyhende

Talet på fritidsbåtar i Noreg er no over éin million. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Talet på fritidsbåtar i Noreg er no over éin million.

Kraftig nedgang i båtskadar i sommarferien

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Talet på båtskadar gjekk ned 43 prosent i juni og juli, samanlikna med i fjor. Tryg Forsikring trur høge drivstoffprisar er hovudårsaka, pluss dårleg vêr.

Første kvartal i år var det ein auke i talet på båtskadar på 17 prosent, men i sommar er alt snudde på hovudet, viser tal frå Tryg Forsikring. Det som er nesten ei halvering i talet på båtskadar i juni og juli, ser ut til å halde fram også i august.

Det vart selt rekordmange fritidsbåtar under pandemien, og i kjølvatnet av salet vart det rekordmange båthavari i fjor. I forkant av sommaren i år var det venta endå fleire skadar enn i fjor på sjøen.

– Sjølv om vêret spesielt på Vestlandet har vore dårleg er det først og fremst dei høge prisane på drivstoff som truleg har bidrege til at båtfolket har vore langt mindre på sjøen i sommar. Mange gjestehamner melder også om langt færre besøkjande med båt enn normalt, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg.

Han påpeikar også at folk slakkar ned farten for å spare drivstoff, og med lågare fart blir også risikoen for båtulykker redusert.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS